Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPED250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit vitskapleg, skrifteleg arbeid og kva som kan vere ein føremålstenlege arbeidsmåtar. Det vert lagt vekt på at studentane skal lære å samarbeide. Av den grunn skal bacheloroppgåva som hovudregel gjennomførast i grupper på to eller tre studentar.
Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å utvikle og arbeide med ei problemstilling med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten..
- har kunnskap om dei ulike fasane som inngår i eit forskingsprosjekt
- har kunnskap om gjeldande krav til eit vitskapleg arbied
- har kunnskap i eit valt fordjupingsområde innanfor det spesialpedagogiske fagområdet.
Ferdigheiter
Studenten..
- kan planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet
- kan stille forskingsspørsmål som lar seg svare på med vitskaplege metodar
- kan tileigne seg relevant forskingsinformasjon (mellom anna gjennom datasøk)
- kan utvikle og nytte eigna forskingsinstrument (til dømes intervjuguidar og spørjeskjema)
- kan demonstrere ferdigheiter i korrekt oppbygging av eit vitskapleg arbeid i tråd med APA-standarden (til dømes korrekt bruk av kjelder og korrekt presentasjon av referansar)
- kan analysere data og/eller presentere og drøfte teori
- kan formidle teori, resultat og vitskaplege resonnement skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Studenten..
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid
- kan kommunisere klart og tydleg om faglege spørsmål
- kan reflektere om etiske forhold i høve til bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitering
- kan identifisere og handtere forskingsetiske spørsmål
- kan reflektere kritisk om faglege problemstillingar
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er bygd både på individuell rettleiing og /eller rettleiing i grupper. Rettleiinga vil skje ved personleg kontakt.
Som hovudregel skal bacheloroppgåva skrivast i grupper på to eller tre studentar avhengig av tilgjengelige prosjekter og rettleiarstab i fagmiljøa ved fakultetet. På det obligatoriske orienteringsmøtet vil studentane bli presentert for moglege prosjekt, og ein vil arbeide for at desse blir fordelt på studentane i tråd med studentane sine prioriterte ønskjer. Dersom studentane ikkje ønskjer å skrive innanfor dei tilbode prosjekta, må dei sjølve ta ansvar for å finne eit prosjekt og ein rettleiar ved fakultetet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 7 000 ord, +/- 10 %, referansar og appendiks kjem i tillegg.