Komparativ fysiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- BIO104
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir ein introduksjon til prinsippa for form og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar med hovudvekt på fysiologiske mekanismar si tilpassing til miljøet og bevaring av likevekt. Plantefysiologidelen vil vektleggje både høgare plantar og planteplankton. Zoofysiologidelen vil leggje hovudvekten på vertebratar med eksempel frå evertebratfysiologi der denne kan gje interessante modellar/spørsmål/mekanismar. Mikrobiell fysiologi tar for seg grunnleggande fysiologiske prosessar på det cellulære nivået og interaksjon/samhandling med miljøet. I tillegg til å sjå på spørsmål som er spesifikke til dei tre organismegruppene vil større emne innan fysiologien bli diskutert. Emne som blant anna vil bli tatt opp er:
- Temperatur.
- Fotosyntese (oksygenisk/anoksygenisk).
- Ernæring/energihøsting.
- Transportmekanismer.
- Vass/ionebalanse, utskiljing.
- Homeostase, tilpassing til miljøet.
- Gassutveksling, respirasjon og sirkulasjon.
- Signaloverføring (mellom celler, hormon/nervesystem).
- Sansing (visuell, kjemisk, lyd og vibrasjonar).
Førelesningane vil fokusere på hovudprosessene innanfor fysiologien i forhold til miljøet i plantar, dyr og mikroorganismar, og prosessane involvert i oppretthalding av homeostase.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- Kan utleie og forklare grunnleggande prinsipp innanfor form, struktur og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar.
- Kan gjere greie for grunnleggande omgrep relatert til sentrale fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar.
- Kan forklare og samanlikne kritiske fysiologiske mekanismar («funksjon») i tilpassing til miljøet og homeostase i dyr, plantar og mikroorganismar.
Ferdigheiter:
- Kan grunnleggjande laboratorieteknikkar brukt for å studere fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar.
- Kan enkel datahandtering, resultatpresentasjon og diskusjon av eigne resultat i høve til teorien.
- Kan disponere og lage ein munnleg presentasjon etter IMRAD-formatet (innleiing, materiale og metode, resultater og diskusjon) basert på eigne resultat.
Generell kompetanse:
- Kan prinsippet for IMRAD-formatet og skal kunne bruke dette sjølvstendig i eigne presentasjonar frå labøvingane.
- Kan samarbeide rundt gjennomføring av eit forsøk, datahandtering, dataanalyse og tolking.
- Kan reflektere og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn.
- Kan opptre ansvarleg på laboratoriet og rette seg etter dei retningslinjene som gjeld.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Studentar som har emnet som obligatorisk emne i grada si har førsteprioritet på emnet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3.
Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing/orienteringsmøte, og du risikerer derfor å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første førelesing/orienteringsmøte må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på laboratoriekurs (mikrobiologi, botanikk og zoofysiologi) og munnleg presentasjon av resultatet frå laboratoriekursa (godkjent/ikkje godkjent).
Obligatoriske undervisningsaktiviteter er gyldige i 5 påfølgjande semester.
Vurderingsformer
I semester med undervisning (vår)
Mappevurdering:
- Tester frå team-basert læring (20%)
- Midtsemestereksamen (20%)
- Avsluttande eksamen (60%)
Begge eksamenane må gjennomførast for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret (vår). Ved gyldig fråvær på midtsemestereksamen vil avsluttande eksamen telle 80% av karakteren.
Mappevurderinga er berre gyldig det semesteret den vert gjennomført. Dei obligatoriske undervisningsaktivitetane (labkurs) må være godkjent for å få karakter i emnet.
Studentar som tar opp igjen emnet i undervisningssemesteret (vår)
Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet (labkurs) frå tidlegare år skal berre ta midtsemestereksamen og avsluttande eksamen, og resultatet frå desse utgjer heile karaktergrunnlaget.
I semester utan undervisning (haust)
Studenter med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet (labkurs) kan ta eksamen. Eksamen tel 100% på karakteren.