Sosial nettverksteori
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- INF207
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Engelsk om kun engelskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjev eit oversyn over korleis teoretiske rammeverk frå ulike fagområde kan nyttast til å modellere og analysere komplekse sosiale nettverk. Sosial nettverksteori hjelper oss å forstå strukturen i ulike sosiale nettverk, korleis dei utviklar seg, korleis kommunikasjon i sosiale nettverk går føre seg, og korleis nettverk dannar grunnlag for samhandling. Nettverksomgrepet er sentralt i mange fag, blant anna økonomi, sosiologi, informatikk, informasjonsvitskap og matematikk. Ei tverrfagleg tilnærming til sosiale nettverk gjev moglegheit for å analysere fellestrekk ved tilsynelatande ulike fenomen, frå korleis informasjon, meiningar og oppførsel spreiar seg i elektroniske sosiale nettverk til korleis epidemiar og finansielle kriser utviklar seg til korleis søkjemaskinar nyttar lenkene mellom nettsidar for rangering av sider i eit nettsøk. Dei store datamengdene i applikasjonane i dag gjer at effektive algoritmar må nyttast.
Emnet vert undervist i samarbeid mellom Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for informatikk.

Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- demonstrere kunnskap om teoretiske modellar, omgrep og resultat relatert til modellering og analyse av sosiale nettverk, utvikla i fleire fagdisiplinar.
- gjengje og forklare dei viktigaste matematiske modellane for sosiale nettverk og sosial samhandling, samt relaterte omgrep.
- gjengje og forklare de viktigaste vitskaplege resultata relaterte til slike modellar.
- nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere sosiale nettverk.
- velje ein passande matematiske modell for å lage ein abstraksjon av ein gitt type fenomen i eit gitt sosialt nettverk, og kunne nytte omgrep og teknikkar for å analysere slike modellar.
- demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte matematiske modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/master
Undervisningssemester
Haust. I oddetallsår nytter du koden INFO207 for oppmelding til emnet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
INFO207: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
To dobbeltforelesingar og to timar gruppearbeid per veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Du finn meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.