Multiprogrammering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- INF214
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjev ein introduksjon til prinsipp for å programmere sikker, påliteleg og robust programvare med mange trådar eller prosessar.
Innhald:
Teknikkar innanfor multiprogrammering har ei særs viktig rolle i emnet, men det kan hende at beslekta teknikkar som til dømes hending-styrt programmering blir tatt opp. Emnet kombinerer eit sterkt teoretisk grunnlag med løysing av praktiske øvingar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner viktige modellar for samtidige prosessar og datastrukturar, som til dømes felles minne, meldingsorientering, «actors», «futures» og primitivar for data-parallellitet,
- kan forklare potensielle køyre-tidsproblem som kan oppstå når fleire delprogram blir eksekvert samtidig, og
- kan bevise dei viktigaste protokollane for synkronisering av samtidige prosessar.
Ferdigheiter
Studenten
- kan skrive korrekte samtidige program ved å bruke passande programmeringsmodellar,
- kan bruke synkroniseringsprimitivar på ein god måte,
- kan modelleresamtidige prosessar/trådar ved å bruke ein formell metode,
- kan nytte verkty for analyse og verifikasjon av samtidige prosessar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og løysa varierte arbeidsoppgåver som krev samtidige prosessar,
- kan formidle sentralt fagstoff som teorier, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og andre relevante uttrykksformer, og
- kan utveksle synspunkter og erfaringer med fagfolk.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gjevast i form av førelesningar, oppgåvegrupper, kollokvium, sjølvstudium, og oppgåver, til saman ca. 270 studietimar.
Førelesningar inntil 4 timar per veke i 13 veker (til saman ca. 40 timer), og gruppearbeid 2 timar per veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.