Parallell programmering
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- INF236
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gir eit oversyn over arkitektur og inter-prosessor nettverk for parallelle datamaskinar. Grunnprinsipp for utvikling av effektive parallelle algoritmar blir gjennomgått, med døme frå enkle numeriske problem, sortering og grafproblem. Tilpassing av algoritmar til spesielle maskinarkitekturar blir diskutert.
Innhald:
Aktuell teori vert gjennomgått på forelesingar saman med døme på korleis ein utviklar parallelle dataprogram. Studentane får deretter sjølve løyse programmeringsoppgåver på parallelle datamaskinar. Ein stor del av undervisinga er praktisk retta.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- forstår den grunnleggjande oppbygginga og bruk av parallelle datamaskinar.
- er fortrulig med innhaldet i og kan bruke dei vanlegaste omgrepa for korleis ein måler ytinga til parallelle algoritmar og tilhøyrande algoritmar.
- kjenner til framgangsmåtar for å utvikle dataprogram for ulike typar parallelle datamaskinar.
Ferdigheiter
Studenten kan
- optimalisere sekvensiell kode for raskast mogleg utføring.
- analysere sekvensielle program og avgjere om dei er formålstenlege å parallellisere.
- utvikle, analysere og implementere algoritmar for parallelle datamaskinar. Dette gjeld både maskinar med felles minne og med distribuert minne.
Generell kompetanse
Studenten kan
- utføre utviklingsarbeid og analyser relatert til bruk av parallelle datamaskinar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er delt opp i teoretisk undervisning og praktisk undervisning. I begge deler blir det gått gjennom nytt stoff, så studenten forventast å følgje begge former for undervisning.
Teoretisk undervisning går føre seg i ein forelesingssal: 4 timar i veka.
Praktisk undervisning går føre seg 2 timar i veka der studentane nyttar sin eigen datamaskin.