Algoritmeutvikling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet fokuserar på evna til å omsette teoretiske kunnskapar om algoritmar, datastrukturar og kompleksitet til raskt å kunne gjennomføre heile prosessen frå å analysere eit problem, vurdere føreslåtte løysingar si køyretid og å implementere ei effektiv løysing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studenten kjenner til algoritme-design-teknikkar, som grådige algoritmer, dynamisk programmering, og brute-force søk.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Analysere køyretida til ein gitt algoritme i O-notasjon, og bruke dette til å estimere køyretida til eit dataprogram på ei gitt datamaskin på eit gitt datasett.
  • Velje riktig algoritme og datastruktur for eit gitt problem, og tilpasse algoritmar og datastrukturar til nye problem.
  • Implementere algoritmar som er basert på algoritme design-teknikkane som blir dekket.
  • Gjenkjenne når ein med fordel kan nytte seg av implementasjonar av algoritmar og datastrukturar frå standardbibliotek, samt nytte seg av desse.
  • Implementere effektive datastrukturar.

Generell kompetanse

  • Studenten kan omsetje eit algoritmisk problem til eit korrekt og effektivt dataprogram for dette problemet.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studieveileder@ii.uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Prioriteringer for opptak til emnet er som følgjer:

1. Studentar som har har emnet som obligatorisk i studieplanen har førsteprioritert.

2. Studenter som har tatt INF234

3. Studenter som ikkje kjem under punkt 1 og 2.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet byggjer på INF102. INF234 er ein fordel.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing 2 timar i veka gjennom heile semesteret. Gruppetime 2 timar i veka.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Vurderinga i INF237 er beståtte oppgåver. Oppgåvene vert gitt i løpet av semesteret. I tillegg, er det krav om deltaking i programmeringskonkurransar bestemt av emneansvarleg.
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår. Etter avtale med emneansvarleg kan studentar som av ulike årsakar ikkje fullfører emnet i undervisningssemesteret fullføre emnet påfølgjande haustsemester. Nye oppgåver gitt haustsemesteret har ikkje gyldigheit utover haustsemesteret dei vert gitt i.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no">studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.