Masteroppgåve i pedagogikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PED396
- Talet på semester
- 4
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan utføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid under rettleiing. Studenten skal dokumentere kunnskap om sentrale forskingsprinsipp, kunne gjennomføre systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang og kunne framstille saksområdet klart og presist.
Masteroppgåva kan ta form av ein monografi eller ein artikkel med kappe. Uavhengig av form skal masteroppgåva utførleg behandle eit bestemt emne eller ein avgrensa del av eit vitskapeleg problem. I dette studiet vil masteroppgåvene vanlegvis ha utgangspunkt i ein empirisk studie. Masteroppgåva kan også ha form av teoristudiar der ein gjennomgår og kritisk analyserer litteratur med pedagogisk relevans. Krav til innhald og omfang av masteroppgåva vil bli gjort kjend for studentane i skriv ved studiestart.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- har inngåande kunnskap om og kan bruke pedagogiske omgrep, kunnskap og teoriar innan masteroppgåva sitt tematiske område på ein relevant fagleg måte
- kan formulere klare problemstillingar og grunngje at desse er pedagogikkfagleg interessante og relevante
Ferdigheiter
Studenten...
- kan samle, systematisere, analysere, tolke, diskutere og presentere materiale og funn på ein sjølvstendig, nøyaktig, etisk forsvarlig og oversiktleg måte
- kan grunngje val av metode, teori og litteratur
- viser korleis samanfatningar og konklusjonar er i samsvar med teoretiske premiss, problemstillingar og empirisk materiale
- kan bruke litteratur- og sitattilvisingar og kjelder på ein korrekt, konsekvent, etisk og oversiktleg måte
Generell kompetanse
Studenten...
- meistrar fagområdet sine uttrykksformer ved å presentere masteroppgåva på ein ryddig og oversiktleg måte med ein presis, logisk og drøftande presentasjonsform som er forståeleg og språkleg tilfredsstillande
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid
- viser evne både til sjølvstendig arbeid og til samarbeid med rettleier
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Innlevering av rettleiingskontrakt
Vurderingsformer
- Innlevering av individuell masteroppgåve. Masteroppgåva kan leverast inn som ein monografi eller som ein artikkel. Omfang og formkrav for oppgåva er spesifisert i rettleiingsheftet.
- Munnleg høyring. Den munnlege høyringa kan justere karakteren på mastergradsoppgåva med ein bokstavkarakter.
I prosjekt med stor arbeidsmengde kan to studentar søke om å få skrive oppgåve saman. Den enkelte sin arbeidsinnsats skal da tilsvare 60 studiepoeng.