Ingunn Elise Myklebust

Stilling

Professor

Tilhørighet

Forskergrupper

Forskning

Professor Ingunn Elise Myklebust har brei kompetanse innanfor både forvaltningsrett og tingsrett, med særleg vekt på plan- og bygningsrett og akvakulturforvaltning. Myklebust har kursansvaret i Planrett og Miljørett, som er valfag for studentar ved Det juridiske fakultet, og har førelesingar og anna undervising i Tings- og immaterialrett som er eit obligatorisk kurs på første studieår. Ho har også ansvar for studentar på siste studieår som skriv masteroppgåve om slike tema. 

Professor Myklebust er leiar for forskargruppa i forvaltningsrett, som er sett saman av personar som arbeider med ulike forvaltningsrettslege problemstillingar. Forvaltningsrett er eit fagleg tyngdepunkt ved fakultetet i Bergen, med mellom anna fleire stipendiatar som arbeider med problemstillingar innanfor den alminnelege og spesielle forvaltningsretten, mellom anna stipendiat Hanne Minde som Myklebust også er rettleiaren for, og som arbeider med ei ph.d.-avhandling om private planar under plan- og bygningslova. 

Myklebust er vidare knytt til forskargruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett ved Det juridiske fakultet, og til Senter for bærekraftig arealbruk (CeSAM), som er eit UiB-initiativ for å støtte berekraftig arealbruk og -forvaltning på land og i havet, biologisk mangfald og natur, samt til CET Affiliation | Centre for Climate and Energy Transformation (CET) | UiB, som er ei gruppe forskarar som arbeider med tema innanfor klima og energiomstilling. 

Professor Myklebust er for tida (2022–2024) medlem av Kulturmiljølovutvalet, som skal utarbeide forslag til ny kulturmiljølov til erstatning for dagens kulturminnelov. Utvalet skal føreta ein fullstendig gjennomgang av regelverket om kulturminne og regelverk om kulturminne i andre lover, slik som plan- og bygningslova og naturmangfaldlova, og vurdere endringar i samfunnet og kulturmiljøforvaltninga sidan gjeldande lov vart vedteke i 1978.

I perioden 2018–2022 har Myklebust vore prosjektleiar for forskingsprosjektet GOVLAND ('Legal governance in land use planning. Balance between national and municipal power and between private initiative and public control'). Prosjektet analyserte reglane om rettsleg styring av tilhøvet mellom nasjonal og kommunal kompe­tanse i arealforvaltinga, og leidde mellom anna fram til ph.d.-avhandlinga om Motsegn, skriven av Siv Elén Årskog Vedvik under leiing av Myklebust.

Myklebust har også hatt ei sentral rolle i PLANCOAST som har studert plan- og konsesjonsrettslege spørs­­mål i kystsona, der Myklebust har delteke med fleire artiklar om både eigedomsrettslege spørsmål, akvakultur og planlegging. Begge forskingsprosjekta er tverrfaglege, der Myklebust har samarbeidd tett med både juristar, samfunnsvitarar, biologar, sosialantropologar og fleire. 


Meir om Ingunn Myklebust

Myklebust har doktorgrad frå 2009, med temaet "Strandrett og offentleg styring av arealbruk i sjø", som er publisert på Universitetsforlaget i 2010 og som no også er tilgjengeleg frå forlaget via nettlink frå 2022. Boka handlar om eigedomsretten og strand­­eigaren sine særlege rettar i sjøen til slik som utfylling, tilflot, laksefiske, utsikt og vern mot støy. Det sentrale temaet i boka er kva for vern slike rettar, basert på gamle sedvanar, har for nye utnyttingar basert på offentleg løyve, som til dømes akvakultur, vindkraft, små­båt­anlegg og tilrettelagt turisme. 

Myklebust har hatt fleire stillingar i Bergen kommune, både som juridisk rådgivar i byggje­saksavdeling og Byrådsavdeling for miljø og byutvikling, der ho også har vore leiar (1998–2000). Ho har også arbeidd ein periode (2010–2011) hjå kommuneadvokaten i Bergen, har advokat­­bevilling og har ført saker for retten både om fast eigedoms rettsforhold, arbeids­­­­rett og barnevernrett.

Myklebust har også i fleire periodar hatt delstilling ved Høgs­kulen på Vestlandet for å bidra til å utvikle masterkurs i eigedomsfag, jordskifte og plan­rett og for undervising i slike kurs på ny masterutdanning der. Myklebust har også hatt undervisingsoppgåver i planrett ved Høg­skulen i Volda.

 

 

Formidling

I tillegg til meir akademiske seminar, deltek ho også gjerne rundt omkring i distriktet som føredrags­haldar på seminar og møter med kommunar, fylkeskommunar, statlege sektororgan, interesse­organis­asjonar m.m.  om tema som gjeld for­­­­skinga eller formidling av forsking, som t.d. seminar om planjuss og havbruk i regi av Rogaland fylkes­­­kommune 28.08.18, TAU, seminar om planføresegner i regi av Fylkes­mannen i Møre og Romsdal, Molde, 28.10, 2018, om Bergen sjøfrontstrategi seminar i Bergen kommune, 26.08.20, (link) og strand­sone-web­inaret 23.09.20 i regi av Norsk Friluftsliv, Norges miljø- og biovitenskapelige univer­sitet, Frilufts­­­rådenes Landsforbund og Oslofjorden Friluftsråd.

September 2020: Konferansen om allemannsretten med ein munnleg presentasjon av PLANCOAST https://youtu.be/YqIUvH4eo0g.  

Undervisning

Myklebust sine faglege interesser er arealforvaltningsrett, kommunalrett, ekspropriasjonsrett, tingsrett, naturressurs- og miljørett. Myklebust har også kursansvar i tingsrett, kommunalrett og plan- og bygningsrett ved Det juridiske fakultet.

Undervisingsoppgåvene er knytt til utvikling, førelesingar, eksamensavvikling og anna oppfølging av desse tre kursa.

Publikasjoner
Rapport
Vitenskapelig foredrag
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
Briefs
Populærvitenskapelig foredrag
Vitenskapelig artikkel
Poster
Intervju
Kronikk
Leder
Fagartikkel
Faglig foredrag
Anmeldelse
Dokumentar
Vitenskapelig monografi
Doktorgradsavhandling
Short communication
Leserinnlegg
Kompendium
Vitenskapelig oversiktsartikkel/review

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin

Prosjekter

GOVLAND

“Legal governance in land use planning" [GOVLAND] will examine the core legal instruments for regulating the balance between national and municipal power in Norwegian land use planning. How the legal framework is and should be on land use planning, the interpretation of the rules and day by day management, can have a major impact on living conditions, infrastructure and sustainability. What are the legal requirements for effective, knowledge-based decision processes and what legal protection does local democracy have in a rapidly changing society, marked by Europeanisation, globalisation, privatisation, climate change and population growth? How can democracy and efficiency be balanced in municipal land use planning? The relative strength of public and private actors in the land use context is an integral part of the study.”

Objective

In an increasingly urbanising world, governments and international corporations strive to increase productivity of cities, recognized as economy growth hubs, as well as ensuring better quality of life and living conditions to citizens. Although significant effort is performed by international organisations, researchers, etc. to transform the challenges of Cities into opportunities, the visions of our urban future are trending towards bleak. Social services and health facilities are significantly affected in negative ways owed to the increase in urban populations (70% by 2050). Air pollution and urban exacerbation of heat islands is exacerbating. Nature will struggle to compensate in the future City, as rural land is predicted to shrink by 30% affecting liveability. VARCITIES puts the citizen and the “human community” in the eye of the future cities’ vision. Future cities should evolve to be human centred cities. The vision of VARCITIES is to implement real, visionary ideas and add value by establishing sustainable models for increasing H&WB of citizens (children, young people, middle age, elderly) that are exposed to diverse climatic conditions and challenges around Europe (e.g. from harsh winters in Skelleftea-SE to hot summers in Chania-GR, from deprived areas in Novo mesto-SI to increased pollution in Malta) through shared public spaces that make cities liveable and welcoming.