UiBs nettsider uib.no gir ein samla presentasjon av studieinformasjon og praktiske forhold knytt til studiet.
Mitt UiB (ekstern lenke) er ei personleg side med samla tilgang til relevante ressursar, inkludert innlevering av oppgåver m.m. Dei fleste studia kan ikkje gjennomførast utan tilgang til og regelmessig bruk av Mitt UiB. For å få tilgang til Mitt UiB, og å kunne ta i mot fagleg eller administrativt relatert e-post frå universitetet, må du ha brukarkonto ved UiB.
UiBtreet gir deg oversikt over informasjonen frå UiB samla på ein stad. I UiBtreet får du ein personleg timeplan og sjekklister, eksamensoversikt og nyttige snarvegar. Du loggar inn med UiB-brukernamn og passord.
Dersom du allereie har logga inn i eitt system eller tjeneste, treng du ikke logga inn fleire gongar.
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld informasjon:
- Ha relevant og oppdatert informasjon på uib.no, Mitt UiB (ekstern lenke) og UiBtreet (ekstern lenke)
- Bruke Mitt UiB og UiBtreet til formidling av meldingar om fag/emne
- Tilby internett-tillknytning (ekstern lenke) for studentane via universitetet sin servar
Universitetet forventar at du som student
- Aktiverer brukarkontoen din på UiB før du startar studia
- Loggar deg på og held deg til ei kvar tid oppdatert på informasjon og gjeremål i Canvas/Mitt UiB (ekstern lenke) og UiBtreet (ekstern lenke)
- Les student-e‑post frå UiB jamleg
- Brukar studentsidene på uib.no for å finne fram til informasjon du treng ved behov
For å følgje med kan det vere lurt å slå på pushvarslingar i UiBtreet og tilpasse varselinnstillingane i Canvas/Mitt UiB.