Om forskargruppa

 

Kva rolle har havet som regulator av atmosfærens CO2 innhald og difor globalt klima? Korleis verkar havstraumar, oksygen og pH marine økosystema? Kvifor endrar elvers nærings- og karbontilførsel kystområdane og fjordane våre? Dette er nokon av spørsmåla som den biogeokjemiske gruppa ved Geofysisk institutt søker svar på. Gjennom avansert arbeide til havs og ved hjelp av superdatamaskinar, bidrar me til ei betre forståing av dei marine biogeokjemiske syklusane og deira kritiske betydning for globalt klima, marine økosystema og havmiljøets berekraft.

 

Aktivitetane våre innan forsking

Vi setter søkelys på følgande forskingsdøme:

  • Vi projiserer trendar og bråe endringar i marin biogeokjemi og deira gjennomgripande effektar på jord systemet
  • Prosessar som regulerar havets opptak og lagring av menneskeskapt CO2 i havet
  • Variabilitet og forutsigbarheit av luft-hav CO2 fluksar, marin primærproduksjon og drivar for økosystema

 

i det Nord-Atlantiske og de nordiske hav og globalt.

 

Feltarbeid

Havets opptak av CO2 og havforsuring kvantifiserast ved hjelp av målingar utført på forskingsskip, ved hjelp av tidsseriar utført på faste stasjoner og på handelsflåtens skip som er utstyrt med avansert autonom instrumentering. Desse resultata dannar eit grunnlag for eigen forsking og er raskt tilgjengeleg for forskarar i heile verda. To viktige syntetiserte dataprodukt er SOCAT og GLODAP.

 

Numerisk modellering

Vår gruppe deltar i utviklinga av dem norske jordsystemmodellen (NorESM) og den norske klimapredikasjonsmodellen (NorCPM). Dette er fullt ut kopla jordsystemmodellar der atmosfære, hav, sjøis, land og biogeokjemiske komponentar blir integrert. Ved hjelp av desse modellane bidrar me til vurderingar om tilstanden til klimasystemet.

 

Vil du bli med oss?

Vi underviser i følgande emnar, som kan tas enkeltvis eller som en del av ingeniør- eller mastergrader med spesialisering i marin biogeokjemi:

 

  • Kurs på bachelornivå:
    • GEOF100: Introduksjons til atmosfære, hav og klima
    • GEOF236: Kjemisk Oseanografi
  • Kurs på masternivå:
    • GEOF336: Avansert kjemisk oseanografi
    • GEOF347: Seminar om jordsystemet og berekraftig utvikling
    • GEOF399: Master oppgåve i metrologi og oseanografi
    • GEOF337 Fysisk oseanografi i fjordar 
  • Sivilingeniør og andre interne prosjekter

Personer

Gruppeleiar
Gruppemedlemmer