Om forskningsprosjektet
Veiledere
Pål Ringkjøb Nielsen, GEO, UiB
Ben Robson, GEO, UiB
Jan Magne Cederstrøm, GEO, UiB
Prosjektbeskrivelse
Instrumentelle og skriftlege kjelder frå områda rundt Nord-atlanteren viser at stormaktiviteten, på engelsk ofte kalt ‘storminess’, viser stor variabilitet både i tid og rom. I løpet av dei siste tiåra har det blitt gjennomført fleire studiar der målet har vore å rekonstruere tidlegare stormaktivitet, særleg på dei britiske øyer, Frankrike, Danmark og i Sverige. Desse studiane er i all hovudsak basert på prosesser som går føre seg langs kysten, og spesielt der sandkorn er mottakeleg for vind. Gjennom studiar av sanddyner, og/eller innsjøsedimenter frå omkringliggjande områder, kan ein med relativt høg presisjon rekonstruere periodar med høg/låg tilførsel av eoliske sedimenter, som ein kan relatere til stormaktivitet.
I dette prosjektet freistar me å rekonstruere eolisk aktivitet ved Skardasanden på Jæren gjennom analysar av kjernar frå eit tjern/myr aust for stranda og gjennom kvartærgeologisk kartlegging og dronebilder. Me ynskjer med prosjektet å gjennomføre repeterande droneflyging for å undersøka korleis sanddynene endrar seg gjennom sesongane.
Forskingsspørsmål: Korleis har frekvensen av stormar variert attende i tid ved Skardasanden? Kor mykje endrer sanddynene seg ved Skardasanden gjennom sesongane, og korleis kvantifisere endringa? Kva driver denne endringa?
Test (arbeid): Studenten skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging ved hjelp av repeterande feltarbeid (til saman 1-2 veker), studiar av LIDAR, drone- og flyfoto som seinare skal integrerast i ArcGIS. Studenten skal vera med på kjernetaking i felt, samt gjennomføre lab-arbeid av innsamla materiale. Kartlegging av kvartærgeologien rundt Storskavlen med særleg vekt på spor etter breframstøyt/GLOF. Kjernetaking av innsjø i nedslagsfeltet. Lab-arbeid (ca. 2-3 md.).
Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)
GEOV217 (10 sp) – Geofarer
GEOV225 (10 sp) – Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima
GEOV336 (10 sp) – Lab- og metodekurs i kvartærgeologi
GEOV222 (10 sp) – Paleoklimatologi
GEOV316 (10 sp) – Praktiske ferdigheiter i fjernmåling og romleg analyse
Særskilte krav for opptak til prosjektet
GEOV110 (10 sp) / Innføring i marin og terrestrisk kvartærgeologi eller tilsvarende