Leksikografi og allmennspråk

Gjennom fokusområdet Leksikografi og allmennspråk skal senteret sørge for at UiB-ordbøkene Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok blir utrusta med ny informasjon som kjem alle mottakargruppene til senteret til gode, både i produksjon og resepsjon av allmennspråklege og fagspråklege tekstar.

Sentrale spørsmål for fokusområdet er:

  • Korleis kan leksikogrammatisk teoriutvikling og systematisk bruk av kvalitetssikra språkressursar og store språkmodellar (SSM) støtte opp under nasjonalt leksikografisk arbeid?
  • Korleis kan forsking basert på kvalitetssikra språkressursar få fram reliabel dokumentasjon av variasjonsmønster i dei operative normene i bokmål og nynorsk?
  • Korleis kan ein utforme og tilgjengeleggjere språkressursar for å møte krava som leksikografi, anna allmennspråksforsking og utvikling av språkverktøy stiller til språkdata?

Personar

Leiar:
Margunn Rauset 

Nestleiar:
Randi Neteland (ekstern lenke)

Medlemmar:
Stig Jarle Helset (ekstern lenke)

Tor Arne Haugen (ekstern lenke)

Martha Thunes (ekstern lenke)

Gyri Smørdal Losnegaard 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert: 24.10.2025