Terminologi og fagspråk

Ei gjennomgripande problemstilling for dette fokusområdet er terminologi og fagspråk som føresetnad for demokrati og medborgarskap.

Terminologi og fagspråk er nødvendige i forsking og utdanning, i fagkommunikasjon i arbeidslivet og i samfunnet som heilskap. Fagspråkleg kompetanse gir betra tilgang til offentlege tenester og deltaking i samfunnsdebatt og demokratisk utvikling.

Temaet vil bli studert gjennom fire overordna forskingsspørsmål: 

  • Kva kjenneteiknar norsk fagspråk og terminologi i ein situasjon der norsk er under press frå engelsk og påverka av digitalisering og internasjonalisering?
  • Kva rolle kan fagspråk og terminologi spele for å sikre demokrati, tillit og beredskap?
  • Korleis kan ein sikre tilgjengeleg fagspråk for individet i eit mangfaldig samfunn?
  • Korleis kan digitalisering, informasjonsforvaltning og språkteknologi styrke terminologisk forsking og arbeidsmetodar?

Delområde

Fokusområdet er delt inn i fleire delområde:

Terminologisk teori- og metodeutvikling

Terminologisk teori- og metodeutvikling 

vil utforske korleis ein kan bruke og integrere KI-basert språkteknologi som del av terminologisk metode. Ein vil og utforske mogleg påverknad av digitalisering, informasjonsforvalting og elektronisk samhandling i offentlege tenester på det terminologiske forskingsfeltet og offentleg sektor generelt. Studiar av terminologiars relasjon til andre semantiske ressursar, slik som klassifikasjonar, registervariablar taksonomiar, emneord og kontrollert vokabular vil vere sentralt.

Personar

Jan Ole Bangen

Marita Kristiansen

Ole Kristian Våge

Kunnskapsbehov for norsk fagspråk i domenet helse- og omsorgstenesta

Kunnskapsbehov for norsk fagspråk i domenet helse- og omsorgstenesta

skal svare ut kunnskapsbehov for norsk fagspråk som fremjar individuell og systemretta helsekompetanse. Me skal undersøke korleis fagspråk blir brukt når helsepersonell kommuniserer med kvarandre og korleis helsepersonell kommuniserer til pasientar og til borgarane i form av tekststrategiar for å formidle journalinnhald.

Når ein som avsendar skal ta omsyn til den individuelle helsekompetansen til ulike brukargrupper som har særlege behov for tilrettelagd kommunikasjon, er tilgjengelegheit eit sentralt omgrep. God tilrettelegging vil bidra til å skape tillit hos individet og i befolkninga. 

Personar

Helga Mannsåker

Erlend Hem 

Geir Sverre Braut 

Christian Autenried 

Marita Kristiansen

Formidling av ekspertkunnskap i domenet berekraftig utvikling

Formidling av ekspertkunnskap i domenet berekraftig utvikling

vil studere fagspråket gjennom å sjå på kunnskapens kretsløp frå globale rapportar til nasjonal implementering og formidling, i sjangrar med ulik grad av spesialisering. Studieobjektet vil vere omgrepa ‘berekraft’ og ‘berekraftig utvikling’, som dei siste åra har fått fornya relevans i nye sektorar: eksempelvis i utdanning gjennom sterk vektlegging i læreplanen for skulen, i finans gjennom krav til verksemders berekraftsrapportering som følge av EUs berekraftsdirektiv (CSRD) og ikkje minst knytt til FNs berekraftsmål.

Språk i sikkerheitsarbeid: læring av uønskte hendingar

Studien «Språk i sikkerheitsarbeid: læring av uønskte hendingar» skal undersøkje språkleg/ tekstleg framstilling av uønskte hendingar ut frå eit læringsperspektiv. Studien er tverrfagleg og omfattar språk- og litteraturvitskap kombinert med bidrag frå m.a. psykologi, organisasjonsteori og sikkerheitsfaget.

Les meir om studien her

Personar

Linnea Hanell

Anje Müller Gjesdal

Marita Kristiansen

Formidling av ekspertkunnskap i domenet samfunnstryggleik og beredskap

Formidling av ekspertkunnskap i domenet samfunnstryggleik og beredskap

vil studere fagkommunikasjon gjennom døme frå vêr- og farevarsling. Klimaendringane aukar behovet for god og rask varsling, samtidig som krava til tilgjengelegheit aukar. Fagkommunikasjon på desse felta er prega av multimodalitet der symbol, bilde og fargar verkar saman med det verbalspråklege innhaldet. Denne typen fagkommunikasjon har eit stort og breitt publikum.

Språk i sikkerheitsarbeid: læring av uønskte hendingar

Studien «Språk i sikkerheitsarbeid: læring av uønskte hendingar» skal undersøkje språkleg/ tekstleg framstilling av uønskte hendingar ut frå eit læringsperspektiv. Studien er tverrfagleg og omfattar språk- og litteraturvitskap kombinert med bidrag frå m.a. psykologi, organisasjonsteori og sikkerheitsfaget.

Les meir om studien her

Personar

Anders Doksæter Sivle 

Laura Ann Garrison 

Helga Mannsåker 

Anje Müller Gjesdal

Marita Kristiansen

Sist oppdatert: 05.02.2026