Språk i sikkerheitsarbeid: læring av uønskte hendingar

Målet med studien «Språk i sikkerheitsarbeid: læring av uønskte hendingar» er å undersøkje språkleg/ tekstleg framstilling av uønskte hendingar ut frå eit læringsperspektiv. Studien er tverrfagleg og omfattar språk- og litteraturvitskap kombinert med bidrag frå m.a. psykologi, organisasjonsteori og sikkerheitsfaget.

Bilde
Bilde av person med hjelm under armen.
Foto: Colourbox

Om studien

Etter uønskte hendingar vil samfunnet krevja svar på kva som gjekk gale, kvifor det skjedde, kven sitt ansvar det var, og kva som no bør gjerast. Det blir sett ned ein kommisjon som skal svara på desse spørsmåla i form av ein skriftleg rapport, med læring som det oppgjevne hovudføremålet. Den språklege framstillinga i rapportane vil vera avgjerande for kva svar ein kjem fram til, og kva (om nokon) lærdom som skjer, noko som er blitt undersøkt i fleire studiar.

Språk ikkje verdinøytralt

Språket er ikkje eit verdinøytralt kommunikasjonssystem som lèt oss skildra verda objektivt. Det er ein ressurs som lèt oss velja den framstillingsmåten som stemmer best med det synet på verda som vi ønskjer å formidla.

Det er lett å sjå dette i ekstreme tilfelle der ein og same væpna konflikt blir omtalt som ein «militær spesialoperasjon» av den eine parten og ein «angrepskrig» av den andre, men òg tilsynelatande ukontroversielle ord og vendingar som skattelette har argumenterande kraft. Etterleddet -lette har nemleg tydinga ‘hjelp, lindring’, noko som framstiller skatt i eit negativt lys og dei som tek til orde for skattelette, i eit positivt lys. Alternative framstillingar er t.d. skattereduksjon, skattekutt og bidra mindre til fellesskapet

Omdiskuterte rapportar

I norsk samanheng finst det fleire omdiskuterte framstillingar i rapportar etter store saker. Dette inkluderer vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» sitt ansvar for kollisjonen med MT «Sola TS», styresmaktene si handtering av born og andre sårbare grupper under koronapandemien, og responsen til politiets beredskapstropp på Utøya 22. juli. Sistnemnde vert framstilt på svært ulike måtar av Gjørv-kommisjonen og Stensønes (2018), og ifølgje Renå (2017) er eitt av problema med kommisjonen si framstilling at dei vurderer innsatsen til beredskapstroppen sterkt kritisk på bakgrunn av informasjon som var ikkje tilgjengeleg for beredskapstroppen der og då, men som først vart kjend i etterkant. 

Tverrfagleg studie

«Språk i sikkerheitsarbeid: læring av uønskte hendingar» er ein tverrfagleg studie som skal undersøkja språklege og tekstlege trekk i rapportar etter uønskte hendingar. Den teoretiske og metodologiske hovudtyngda er plassert på dei humanistiske disiplinane språk- og litteraturvitskap, i form av tekstforsking, fagspråk og terminologi, og narrativ analyse, med bidrag frå m.a. psykologi, organisasjonsteori og sikkerheitsfaget. 

I tillegg til rapportar vil vi òg undersøkja tilhøyrande rammeverk, dvs. mandat og undersøkingsmetode m.m., som på ulike vis påverkar rapportane. Vi ønskjer òg å intervjua sentrale aktørar, som t.d. kommisjonsmedlemar, for å få betre innsikt i korleis rapportane blir til. 

Mål for studien

Eit sentralt mål for studien er å utarbeida retningslinjer for tekstutforming og språkføring i rapportar etter uønskte hendingar. Retningslinjene skal samlast i ein kortfatta rettleiar som vil vera fritt tilgjengeleg på prosjektet si heimeside. Resultata frå studien vil bli formidla i bransjerelevante kanalar i tillegg til vitskapelege publikasjonar, og vi vil invitera til dialogarenaer der temaet kan diskuterast med sentrale nasjonale aktørar. 

Overordna problemstilling: 

Korleis kan medviten språkbruk fremja læring i undersøkingar av uønskte hendingar? 

Forskingsspørsmål:

  • Korleis framstiller ulike rapportar årsaker til uønskte hendingar språkleg og tekstleg?
  • Kva tenking om årsaker til uønskte hendingar kan seiast å bli reflektert i rapportane?
  • Kva for konsekvensar har språket i rapportane for måten ein jobbar med og tenkjer på sikkerheit?
  • Korleis skil «tradisjonelle» norske rapportar seg frå det ein kan tenkja på som ein «beste praksis» for slike rapportar ifølgje nye innsikter frå sikkerheitsfaget?
  • Kva for omsyn og føringar må kommisjonane ta stilling til i utforminga av rapportane?
  • Korleis blir rapportane lesne og brukte av ulike mottakargrupper? 

Personar

Leiar
Helga Mannsåker, førsteamanuensis i nordisk språkvitskap

Marita Kristiansen
Førsteamanuensis i i terminologi og fagspråk

Bjørn Sætrevik
Professor i samfunnspsykologi

Linda Hamrin Nesby (ekstern lenke)
Professor nordisk litteraturvitenskap, UiT

Geir Sverre Braut (ekstern lenke)
Sensor, UiS

Kristian Gould (ekstern lenke)
Specialist, Human Factors and Organizational Safety at Equinor

Sist oppdatert: 17.11.2025