Årsmøtet

På årsmøtet vart årsrapporten med rekneskap for 2025 godkjend og ei ny sterk styringsgruppe for dei komande åra valt.

Klyngeseminar om myndigheitskontakt

Klyngas myndigheitskontakt tar ulike former. I klyngeseminaret 10. juni ønskte vi å setje søkelys på kva myndigheitskontakt kan og bør vere i Polyfon-samarbeidet i åra framover. Program:

  • Opningsmusikk med ungdommar frå Kom Nærmere og Katedralskolen, avd. Kyrre, under leiing av musikkterapeut Johannes Medlien
  • Føredrag: «Myndighetskontakt for nye arbeidsmåter og kompetanser i tjenestene». Ved Torbjørn Mohn-Haugen, fagleg rådgjevar i NAPHA og tidlegare leiar for Erfaringssentrum
  • Appell: «Kvifor ønskjer Erfaringspanelet styrkt fokus på myndigheitskontakt i Polyfon?» Ved Nils Mæhle, medlem av Polyfons erfaringspanel, leiar for Bergen eldreråd og leiar for Storbynettverket for eldreråd
  • Paneldebatt, med fokus på 1) Kva er dei viktigaste tematikkar å løfte fram i Polyfons myndigheitskontakt? 2) Kva type myndigheitskontakt kan vere tenleg for ei klynge som Polyfon? 3) Kven kan bidra med kva? Ordstyrar: Torbjørn Mohn-Haugen

Orienteringsmøte om klyngas utvikling

Orienteringsmøtet hadde følgjande program:

  • Prosjekt OPPTAKT / oppbygging av regionale knutepunkt, status. Klyngeleiar Brynjulf Stige og dei regionale fagkoordinatorane Marie Skånland, Hans Petter Paulen Solli og Kaja Enge orienterte om utviklinga så langt
  • Klyngas støttespelarar og samarbeidspartnarar. Presentasjon av Polyfons økonomiske støttespelarar og faglege samarbeidspartnarar
  • Erfaringar med sommarstipend for studentar: Alexandra Khazaie (musikkterapistudent ved Griegakademiet, UiB) og Siri Narum (medisinstudent ved UiB) la fram eit spennande tverrfagleg prosjekt om musikk og perinatal psykisk helse).
  • Polyfon-nytt: Kort informasjon om denne bulletengens funksjon i klyngesamarbeidet og om de ulike nettressursane som er lagt ut på Polyfons nettside.

Årsmøtet sin funksjon i Polyfon-samarbeidet

Etter den nye Klyngeavtalen som gjeld frå 1. januar 2026, er Årsmøtet klyngas øvste organ og vert gjennomført seinast 15. juni kvart år.

Årsmøtet består av:

  • ein representant for kvar av Klyngedeltakarane
  • tre representantar frå Erfaringspanelet
  • tre studentrepresentantar.

Årsmøtet skal handsame følgjande type saker:

  • Godkjenning av Årsrapport med rekneskap
  • Eventuelle endringar i Klyngeavtalen
  • Val av Styringsgruppe (partalsår)
  • Val av Valkomité (oddetalsår)
  • Eventuelle innkomne saker