Arbeider for lik tilgang til musikkterapitenester

Partssamarbeid Vestland er ei undergruppe i Polyfon, koordinert av Vestland fylkeskommune. Samarbeidet samlar kommunar og andre aktørar i fylket som ønskjer å utvikle gode musikkterapitenester.

Bilde
Bilde av vestlandsnatur med fylkeskommunens logo
Foto: Birgit Tansøy, Vestland fylkeskommune

Bakgrunn

I Vestlandsregionen er det ei lang historie for fylkeskommunalt engasjement for utvikling av musikkterapifeltet. Sogn og Fjordane fylkeskommune var mellom anna ein aktiv pådrivar for etableringa av prøveordninga «Gloppen-prosjektet» i 1983 og for oppstarten av ei musikkterapiutdanning på Sandane i 1988.

Etter fylkesfusjonen i 2020 er dette arbeidet vidareført og vidareutvikla av Vestland fylkeskommune (ekstern lenke). Eit fylkestingsvedtak i juni 2025 legg til rette for auka fylkeskommunalt engasjement på musikkterapifeltet, både som samfunnsutviklar og tenesteutviklar.

Partssamarbeid Vestland

Partssamarbeidet er i utvikling og arbeider frå og med hausten 2025 etter Polyfons nye ordning for undergrupper. Ordninga gjer det lettare for kommunane å delta i eit samarbeid om utvikling av solide musikkterapitenester.

Desse instansane er med i Partssamarbeidet per august 2025:

  • Vestland fylkeskommune (fullmektig og koordinator for samarbeidet)
  • Helse Førde
  • Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT), Vestland (Sogn og Fjordane)
  • Kinn kommune
  • Ullensvang kommune
  • Vaksdal kommune
  • Voss herad

Fagleg aktivitet

Som koordinator for Partssamarbeidet har Vestland fylkeskommune utvikla tiltak som mellom anna:

  • rådgjeving om fagutvikling, søknadar om tilskot og oppretting av musikkterapeutstillingar
  • kunnskapsformidling gjennom konferansar og seminar
  • kunnskapsdeling og -utvikling, til dømes gjennom nettverk og samarbeidsforum
  • politikkutvikling på området

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) (ekstern lenke) er ein aktiv medspelar i dette arbeidet. 

Deltakarane i Partssamarbeidet set sjølve tema på dagsordenen, både for nettverksarbeid, konferansar og seminar. Somme aktørar har også vore aktive medspelarar i forskingsprosjekt initierte av deltakarane i kunnskapsklynga Polyfon.

Rammer for samarbeidet

Vestland fylkeskommune si koordinering av Partssamarbeid Vestland er utvikla i samarbeid med:

  • USHT Vestland (Sogn og Fjordane)
  • Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi

Rammene for samarbeidet er gitt av Polyfons nye ordning for samarbeid i undergrupper.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med:

  • seniorrådgjevar Simen Lagesen Krogstie (simen.lagesen.krogstie@vlfk.no) dersom du ønskjer rådgjeving frå Vestland fylkeskommune eller har spørsmål om Partssamarbeid Vestland
  • klyngeleiar Brynjulf Stige (brynjulf.stige@uib.no) dersom du ønskjer nærmare informasjon om Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi

Sist oppdatert: 01.09.2026