Rammer og vilkår
Kommunar og andre aktørar i ei undergruppe deltar i Polyfon med redusert deltakaravgift, sjå klyngeavtalens Vedlegg 4 om deltakaravgift (ekstern lenke).
- Ei undergruppe er geografisk avgrensa og koordinert av ein fylkeskommune eller annan offentleg instans med ansvar for å bidra til samfunnsutvikling.
- I tillegg til kommunar, kan andre aktørar med relevant aktivitet søkje om å bli med i ei undergruppe, t.d. eit helseføretak, ein privat-ideell aktør eller ein regional høgskule med aktivitet på musikkterapiområdet.
- Deltakarane i ei undergruppe skriv under tiltredingsavtale til a) undergruppeavtalen (ekstern lenke) og b) Polyfons klyngeavtale (ekstern lenke).
- Eventuell utmelding av klynga skjer etter dei fristar og prinsipp som er fastsette i klyngeavtalen.
Fagleg aktivitet
Undergruppedeltakarar nyttar først og fremst klyngas ordningar for kunnskapsinformert praksisutvikling. Dei kan styrke kvalitet og omfang i eigen fagaktivitet ved at tilsette gratis kan:
- delta i undergruppas seminar, faglege nettverk og fellesskap
- få råd og fagleg støtte til planarbeid, prosjekt- og utviklingsarbeid
- delta i Polyfons seminar, webinar og konferansar, inkludert den årlege Polyfon-konferansen i november
- setje eigne faglege utviklingsbehov på agendaen, gjennom munnlege eller skriftlege innspel til kunnskapsklynga (kan gjelde tenesteutvikling, forsking eller kompetanse)
Dessutan kan deltakarar i ei undergruppe vurdere om dei ønskjer å vere med i eventuelle forskingsprosjekt initierte av fylkeskommunen eller ulike enkeltdeltakarar i Polyfon.
Kvifor har Polyfon opna for deltaking i ei undergruppe?
Målsetjingane med å opne for deltaking gjennom undergrupper, er å:
- bidra til at fleire kommunar og andre aktørar får hjelp og støtte til å utvikle gode musikkterapitilbod og annan bruk av musikk som helseressurs
- gjere det mogeleg også for mindre kommunar og aktørar i ein region å engasjere seg i samarbeidet
- styrke praksisinformert kunnskaps- og kompetanseutvikling i alle delar av landet
Roller og ansvar
Undergruppedeltakarar, fullmektig/koordinator (vanlegvis ein fylkeskommune) og Polyfon har ulike roller og ansvar i samarbeidet. For detaljar sjå Vedlegg 5 til klyngeavtalen (ekstern lenke).
- Undergruppedeltakarar forpliktar seg til å setje utviklingsbehov innan musikkterapiområdet på dagsorden og å leggje til rette for deltaking undergruppesamarbeidet.
- Fullmektig forpliktar seg til å koordinere, gje råd og fagleg støtte, utvikle konferansar, nettverk og fagfellesskap etter behov og å representere undergruppa i Polyfon-samarbeidet.
- Polyfon forpliktar seg til å gje fagleg støtte og å utvikle faglege ressursar, seminar og konferansar.