Mål med ordninga
Eit utviklingsprosjekt innan denne støtteordninga må ha som mål å leggje grunnlag for meir og/eller betre musikkterapipraksis.
Tiltaka som skal utviklast må gjerne sjåast i samanheng med andre helse- og utviklingsrelaterte musikkpraksisar.
Kven kan søkje
Alle aktørar i klynga kan søkje om utviklingsstøtte.
Søknader kan gjerne leggje til rette for samarbeid med andre klyngedeltakarar og t.d. master- eller ph.d.-prosjekt.
Ein kan også svært gjerne samarbeide med ulike eksterne aktørar, men prosjektleiaren må vere tilsett hos ein klyngedeltakar.
Kva det kan søkjast om støtte til
Både kunnskapsgrunnlag, retningslinjer, brukarønske og samfunnsøkonomiske vurderingar tilseier at bruken av musikkterapi bør oppskalerast og kvalitetssikrast både i helse- og sosialtenestene og i barnehage- og skulesektor.
- Ein kan søkje om støtte til utviklingsprosjekt som kan styrke omfang av og/eller kvalitet i praksis og tenester. Det kan t.d. vere prosjekt med mål om å kartleggje behov, undersøkje brukarerfaringar, byggje samarbeidsnettverk, utvikle og dokumentere metodikk og/eller utvikle planar for implementering og kvalitetssikring av musikkterapi
- Det er mogeleg å søkje om støtte til drift og gjennomføring av eit fokusert utviklingsprosjekt, inkludert utgifter til å honorere ressurspersonar i prosjektarbeidet. Det er ikkje ei tilskotsordning for etablering av praksis.
- Søknader om utviklingsstøtte kan om ønskjeleg sjåast i samanheng med søknader om forskingsstøtte og/eller formidlingsstøtte.
Slik vert søknadene vurderte
Vurderingskomiteen arbeider etter følgjande retningslinjer:
- Prosjektet må ha målsetjingar som samsvarar med målet med ordninga (sjå over)
- Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering. Samtidig vert det gjort ei heilskapleg vurdering ut i frå fordeling mellom regionar og klyngas strategi (ekstern lenke)
- Utviklingsprosjekt skal ta omsyn til eksisterande kunnskap om musikkterapi, i tillegg til lokale behov og brukarønske
- Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukarmedverknad så langt dette er mogeleg og relevant
- Søknader kan gjerne leggje til rette for samarbeid med andre klyngedeltakarar og t.d. master- eller ph.d.-prosjekt. NB: Ved slikt samarbeid må det liggje føre ei erklæring frå samarbeidspart og/eller ein supplerande søknad som eksplisitt viser til samarbeidet.
- Søknader skal formelt og fagleg vere forankra hos den aktuelle klyngedeltakaren, og dei skal vere godkjende av leiinga hjå deltakaren.
Krav til søknaden
Søknaden sender du gjennom det digitale søknadsskjemaet (ekstern lenke).
Søknader skal innehalde ei prosjektskisse med tydeleg beskriving av mål og behov, framgangsmåte og forventa resultat.
Eller:
Søknaden skal innehalde:
- ei oppsummert skildring av prosjektet (50-200 ord) – denne vert presentert på Polyfons nettside dersom prosjektet får tildeling
- personalia for kontaktperson (namn, stilling, telefon og e-postadresse)
- ansvarleg klyngedeltakar og eventuelle samarbeidspartnarar i og utanfor klynga
- personalia for næraste leiar (namn, telefon og e-postadresse)
- tittel på utviklingsprosjektet
- ei kort skildring av kva behov, utfordringar og/eller moglegheiter prosjektet spring ut av (maks 100 ord)
- kort om kva de vil oppnå / intendert såkornfunksjon (maks 100 ord)
- prosjektskisse (maks 1600 ord)
- litteratur / referansar (inga ordgrense)
- tidsplan for gjennomføring (maks 100 ord)
- søknadssum og budsjettdetaljar
- informasjon om du søkjer
- midlar til eit prosjekt som tidlegare har fått Polyfon-støtte
- forskings- eller formidlingsstøtte til same eller tilgrensa prosjekt
- formidlingsplanar (maks 100 ord)
I tillegg skal du laste opp ein e-post der næraste leiar stadfestar godkjenning av søknaden. Sjå meir om dette under Økonomi og forankring.
Økonomi og forankring
Søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000, – og oppover til kr. 150 000,-. I god tid før kvar søknadsfrist opplyser vi her kor stor potten er til fordeling.
Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå den aktuelle klyngedeltakaren. I det digitale søknadsskjemaet lastar de opp ein e-post der leiinga stadfestar at den konkrete søknaden er godkjend, og at aktuelle klyngedeltakar tar ansvar for at eventuelle problemstillingar knytte til personvern og etikk blir tatt i vare.
Ved tilslag vert støtta betalt ut til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.
Formidling av funn og erfaringar
Vi inviterer prosjektleiarane til å oppdatere oss om resultat av utviklingsprosjekt og om å dele rapportar og erfaringar med andre klyngedeltakarar.
Vi inviterer også prosjektleiarane til å dele erfaringar på aktuelle seminar og på framtidige Polyfon-konferansar. Følg med i Polyfon-nytt (ekstern lenke) for informasjon om komande arrangement.