Søk om forskingsstøtte

Polyfon deler ut forskingsstøtte for å stimulere forsking med praksisrelevans og brukarmedverknad, både lokale prosjekt og pilotprosjekt for eksterne søknader. Søknader vert vurderte av ein uavhengig vitskapleg komité. Kontakt gjerne sekretariatet eller klyngas regionale fagkoordinatorar for råd.

Søknadsfristar

  • 1. mars kl. 13.00
  • 1. oktober kl. 13.00
  • Fell fristen på ein laurdag eller helgedag, aksepterer vi søknader som kjem innan kl. 13.00 første kvardag etter dette.

Søknadene vert vurderte av ein ekstern og uavhengig vitskapleg komité, og det er lagt opp til rask sakshandsaming.

Sekretariatet og/eller klyngas regionale fagkoordinatorar gjev gjerne råd til deg som arbeider med søknadar og prosjekt – ta kontakt på polyfon@uib.no.

Kven kan søkje

Tilsette hjå Polyfons klyngedeltakar er velkomne til å søkje om forskingsstøtte. Både fagpersonar, erfaringskonsulentar og leiarar kan søkje, gjerne i samarbeid.

Kunnskapsklynga ønskjer å stimulere praksisrelevans og brukarmedverknad i forsking. Søknader er difor like velkomne frå tilsette i kommunar og helseføretak som frå tilsette ved akademiske institusjonar.

Ein kan svært gjerne samarbeide med ulike eksterne aktørar, men prosjektleiaren må vere tilsett hos ein klyngedeltakar.

Kva det kan søkjast om støtte til

Du kan søkje om

  • støtte til drift og/eller til frikjøp av person eller gruppe i klynga
  • støtte til engasjement av ekstern ekspertise 
  • engasjement av student(ar) i forskarassistentoppdrag

Sjå gjerne  denne oversikta  over kva prosjekt som tidlegare har fått støtte.

Støtta Polyfon gjev til forskingsprosjekt kan sjåast i samanheng med klyngas andre støtteordningar for samarbeid og utvikling, som utviklingsstøtte, formidlingsstøtte og sommarstipend for studentar.

Slik vert søknadene vurderte

Den vitskaplege vurderingskomiteen arbeider etter desse retningslinjene:

  • Polyfon arbeider med fagfeltet musikkterapi / musikk og helse. 
  • Folkehelserelaterte prosjekt i t.d. barnehage, skule og lokalsamfunn er like velkomne som prosjekt knytte til praksis innan helsevesenet.
  • Klynga arbeider tverrfagleg. Det er ikkje eit vilkår at søkjaren kjem frå musikkterapifaget, men det er ein føresetnad at aktuelle samarbeidsmoglegheiter er vurderte, og at prosjektskissa byggjer på tilgjengeleg litteratur m.a. innan musikkterapi / musikk og helse.
  • Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering ut frå klyngas visjon, verdiar, målsetjingar og satsingar.
  • Midlane skal ha ein såkornfunksjon. Prosjektsøknader bør peike fram mot vidare fagleg utvikling. Søknader om støtte til pilotprosjekt som kan byggje føresetnader for større eksternfinansierte prosjekt er velkomne.
  • Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukarmedverknad, så langt dette er mogleg, sjå Polyfons rettleiar for brukarmedverknad og for medverknad i forsking. I folkehelserelaterte prosjekt kan medverknad realiserast som folkeforsking (citizen science). 
  • Der det er relevant, kan søknader gjerne leggje til rette for samarbeid med master- eller ph.d.-prosjekt.
  • Søknader som byggjer samarbeid mellom to eller fleire klyngedeltakarar vil verte prioriterte.
  • Søknader skal formelt og fagleg vere forankra hos aktuell(e) klyngedeltakar(ar), med godkjenning frå relevant leiarnivå.

Krav til søknaden

Søknaden sender du gjennom det digitale søknadsskjemaet (ekstern lenke). 

Søknaden skal innehalde:

  • ei oppsummert skildring av prosjektet (50–200 ord) – denne vert presentert på Polyfons nettside dersom prosjektet får tildeling
  • personalia for prosjektleiar (namn, stilling, telefon og e-postadresse)
  • ansvarleg klyngedeltakar og eventuelle samarbeidspartnarar i og utanfor klynga
  • personalia for næraste leiar (namn, telefon og e-postadresse)
  • prosjekttittel
  • prosjektskisse (maks 1600 ord) med tydeleg presentasjon av bakgrunn, problemstilling(ar), teori, metode og etiske aspekt – der det er relevant kan IMRAD-formatet brukast til å strukturere skissa
  • litteratur og referansar (inga ordgrense)
  • såkornfunksjon (maks 100 ord)
  • tidsplan for gjennomføring (maks 100 ord)
  • søknadssum, eigeninnsats og budsjettdetaljar/finansieringsplan
  • formidlingsplanar (maks 100 ord)
  • informasjon om du søkjer midlar til eit prosjekt som tidlegare har fått Polyfon-støtte. Dersom dette er tilfelle, gjer greie for:
    • kor langt prosjektet er kome, og kva som står igjen
    • korleis tidlegare tildeling er brukt
    • kvifor det er behov for ytterlegare støtte

I tillegg skal du laste opp ein e-post der næraste leiar stadfestar godkjenning av søknaden. Sjå meir om dette under Økonomi og forankring.

Økonomi og forankring

Søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000,- og oppover til kr. 200 000,-. Ved utlysing hausten 2026 er potten er til fordeling på kr. 400 000,-.

Normalt er det forventa at klyngedeltakaren stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den summen det vert søkt om. Eigeninnsats kan til dømes vere avsett forskingstid eller permisjon med løn til prosjektarbeid.

Dersom fleire klyngedeltakarar samarbeider om eit prosjekt, kan eigeninnsatsen fordelast mellom dei. Det er då viktig at søknaden er tydeleg forankra hos kvar av dei samarbeidande klyngedeltakarane, og at det kjem fram reell eigeninnsats hos kvar av dei. 

Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå den aktuelle klyngedeltakaren. I det digitale søknadsskjemaet lastar de opp ein e-post der leiinga stadfestar at den konkrete søknaden er godkjend, og at aktuell klyngedeltaker tar ansvar for at eventuelle problemstillingar knytt til personvern, forskingsetisk godkjenning, databehandlingsavtale og liknande blir tatt i vare.

Ved tilslag vert støtta betalt ut til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.

Formidling av funn og erfaringar

Vi inviterer prosjektleiarane til å oppdatere oss om publikasjonar som kjem ut av prosjekt som har fått støtte, og til å dele funn og erfaringar på aktuelle seminar og på framtidige Polyfon-konferansar. 

Følg med i Polyfon-nytt (ekstern lenke) for utrop / call for papers.

Framdrift og rapportering

Forskingsstøtta skal som hovudregel brukast opp seinast innan 31. desember året etter tildelingsåret. 

Du sender inn ein kort prosjektrapport innan 1. februar påfølgjande år.

Dersom det er gode faglege grunnar, kan du søkje om eitt års utsetjing. Send søknaden til polyfon@uib.no.

Sist oppdatert: 11.09.2026