– Eg vart fort veldig forelska i Bergen. Velkomstveka var ein fantastisk start på eit kjærleiksforhold til Bergen, seier juss-student Margareth Synes Vågsholm frå Vigra.

Saman med Carl Christian Møinichen Ruge fekk ho dei første orda under årets velkomstseremoni på Muséplassen 10.august 2026.

Begge er studentambassadørar ved UiB og deler mykje frå studielivet sitt, mellom anna på Universitetet i Bergen sin Instagram-konto. (ekstern lenke)

Blankpussa by 

5300 nye studentar går i gang med studia sine ved UiB denne hausten. Under velkomstseremonien vart nye og gamle studentar ønskte velkomne til eit nytt år med studium, forsking og studentliv.

– Etter nedbørsrekorden i helga kjem de til ein blankpussa by, sa UiB-rektor Margareth Hagen i opningstalen sin.

Ho peika på studietida som ei unik periode i livet, som studentane må ta vare på.

– Å studere er ei investering. Utdanninga får de med dykk resten av livet, sa Hagen.

Fleire tusen studentar fant vegen til Muséplass.
Tusenvis av studentar var samla for å dra studieåret i gang på Muséplass på høyden. . Foto Eivind Senneset

– Fellesskapet treng deg 

Også forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland, studentleiar Fillip Rønning Jakobsen og Bergens ordførar Marit Warncke kom med sine oppmodingar til dei nye studentane.

– Ver stolt over det du ber med deg og det du har gjort til no. Fellesskapet treng det du har med deg i bagasjen, sa Aasland, som sjølv har vore student ved UiB

 

Forsknings og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland har sjølv studert på UiB og talte til studentane. . Foto Eivind Senneset

Seremonien vart opna med akademisk prosesjon, før Studentersangforeningen og Arme Riddere framførte «Gaudeamus igitur». Det vart også fleire musikalske innslag frå studentkora Arme Riddere, BLAK, Sirenene og Bergens Kvinnelige Studentersangforening.

Alt om studiestarten ved UiB finn du her.