Klima og energiomstilling

Klimaendringar, sikker tilgang på rein energi og naturtap er tre store, globale samfunnsproblem. Gjennom satsingsområdet Klima og energiomstilling samlar UiB forsking og utdanning frå mange fagfelt for å finna best mogleg løysingar på problema.

Bilde
Demonstrasjon av vindmåleutstyr
Dronar og mikrofly er viktige plattformar for måling av vind og turbulens i og omkring vindparkar. Foto: Rune Rolvsjord, NORCE

Kvifor satsar UiB på klima og energiomstilling?

UiB arbeider for å oppfylla FNs berekraftsmål. Satsingsområdet dekkjer først og fremst bekrekraftsmåla stoppa klimaendringane,  rein energi til alle, livet i havet og livet på land.

Utbygging av fornybar energi må skje på ein slik måte at vi tek omsyn til dei andre berekraftsmåla, for eksempel livet på land. Løysingar må vurderast opp mot  ulike mål for å unngå at ein løyser eit problem og skaper to nye. Ikkje minst er det viktig å sikra ei rettferdig energiomstilling, slik at ulemper og fordeler ved omstillinga vert fordelte på ein god måte.

Den store faglege breidda gjer UiB godt rusta til å bidra i arbeidet med klima og energiomstilling.  

Kva er satsingsområdet Klima og energiomstilling?

Satsingsområdet samlar og synleggjer UiBs forsking og utdanning innan klima og energiomstilling, og gjer det enklare for omverda å finna relevant kompetanse.

Klima- og energiutfordringane krev både spisskompetanse og tverrfagleg samarbeid.

Satsinga skal styrkja samarbeidet på tvers av fagmiljø internt ved UiB, bidra til tettare samarbeid med næringsliv og offentleg sektor og bidra til at UiB er ein aktiv deltakar i samfunnsdebatten.

Forskinga skjer i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar. 

Ei styringsgruppe med representantar frå alle fakultet og Universitetsmuseet gjev retning til satsinga.

Forskingssenter

UiB har oppretta fleire senter innan klima og energiomstilling der ulike fagmiljø samarbeider for å bruka den samla kunnskapen best mogleg. Nokre av sentra er interne på UiB, mens andre senter har norske og internasjonale partnarar.

Klimaforsking og energiomstilling

Forskingstema

Forskarar på UiB arbeider med mange ulike problemstillingar innanfor klima, energiomstilling og naturtap. Nedanfor er ei oversikt over dei viktigste forskingsfelta ved UiB innan desse tre samfunnsutfordringane.

Innan klima arbeider vi med

  • Kartlegging av historisk klima
  • Forståing av dagens klima
  • Viktige faktorar for framtidas klima
  • Klimatilpassing
  • Folks haldingar til klima og klimapolitikk
  • Klima og språkbruk, klimaforteljingar
  • Juss og klimatiltak
  • Norsk og europeisk klimapolitikk

Innan energiomstilling arbeider vi med

  • Havvind
  • CO2-lagring (CCS) og CO2 som råstoff (CCUS)
  • Hydrogen og grøn ammoniakk
  • Djup geotermi (bergvarme)
  • Bioenergi
  • Vasskraft
  • Bølgjekraft
  • Solceller (PV)
  • Kvanteteknologi
  • Berekraftig arealbruk
  • Energipolitikk
  • Norsk og europeisk energijuss
  • Folks haldningar til energi
  • Rettferdig energiomstilling
  • Energi og media

Innan naturtap arbeider vi med

Berekraftig arealbruk

Plan- og bygningslov

Biologisk mangfald

Infrastruktur og naturtap

Klimaendring og økosystemendring

Eksternt samarbeid

UiB har eit omfattande samarbeid med næringsliv, offentleg sektor og frivillig sektor, gjennom alt frå studentpraksis til store EU-prosjekt.

Det er likevel eit stort potensiale for auka samarbeid mellom UiB og ulike samfunnsaktørar.

Det er eit mål at næringsliv og offentleg sektor i endå større grad kan hausta frå kunnskapsbanken ved UiB!

Student på lab
På Kjemisk institutt vert det forska på meir effektive metodar for å produsera grøn ammoniakk. Foto Jin Sigve Mæland, UiB

Utdanning innan klima og energiomstilling

Gjennom forskingsbasert utdanning lærer studentane  å arbeida med komplekse problemstillingar, noko som er avgjerande i arbeidet med å møta klima- og energiutfordringane. 

Vi tilbyr eigne studieprogram som er direkte retta mot klima og energiomstilling. Det vil også vera mogleg å arbeida med klima og energiomstilling innan mange ulike disiplinutdanningar.

UiB tilbyr etter- og vidareutdanning (EVU) innan klima og energiomstilling.

Styringsgruppe og administrasjon

Satsingsområdet har ei fagleg styringsgruppe med ein representant frå kvart fakultet og frå Universitetsmuseet. Styringsgruppa bidreg til å skaffa oversikt og å gje retning for satsinga. Representantar frå satsinga bidreg også i nasjonale og internasjonale strategiprosessar og i ulike styre og råd innan klima og energiomstilling.

Administrasjon

Styringsgruppa for Klima og energiomstilling

Den faglege styringsgruppa har ein medlem frå kvart fakultet og frå Universitetsmuseet. Styringsgruppa vert leia av prodekan Øyvind Frette. 

Energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa er sekretær for styringsgruppa.

 

Kontakt oss

Ta kontakt med oss om du vil ha meir informasjon om forsking, utdanning og innovasjon innan klima og energiomstilling.

Dragefjellet med en rekke solcellepanel utenfor
Eigedomsavdelinga ved UiB har i mange år jobba for å drifta bygga mest mogleg effektivt, blant anna gjennom å installera solceller på ein del av bygningane. Biletet viser Det juridiske fakultet. Foto Sigmund Grønlie Bolme, UiB

 

Sist oppdatert: 02.09.2026