Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Vil du lære metodar som kan løyse problem i ei rekke fagområde som fysikk, geovitskap, ingeniørvitskap, biologi og medisin? Anvendt matematikk bruker matematisk teori, likningar og numeriske metodar for å løyse utfordringar innan mange fagfelt.
Anvend matematikk er eit verktøy for å forstå verda omkring oss og for å utvikle ny teknologi. I dag aukar bruken av matematiske metodar i naturvitskap, teknologi, medisin, økonomi og samfunnsfag.
Dette krev ei djupare forståing av korleis ein formulerer problemstillingar matematisk, analyserer modellar og korleis ein løyser dei med datamaskinar. Studiet i anvend matematikk gir denne innsikta ved å kombinere matematiske fag med kurs frå andre fagfelt.
Du vil få kunnskap i grunnleggande matematisk teori, lineær algebra, differensiallikningar, statistikk, programmering og fysikk/mekanikk. Ein student med bachelorgrad kan:
Studiet fokuserer på teoretisk og metodisk grunnlag for bruksretta matematikk og korleis løysa problem innan naturvitskap og teknologi med matematiske teknikkar.
Som student i anvend matematikk blir du del av eit godt studiemiljø. Våre studentar set stor pris på fridomen i studieprogrammet, den store mengda utvekslingsavtalar rundt om i verda, og at ein kan fordjupe seg i det ein er mest interessert i. I tillegg kjem dedikerte forelesarar og eit solid matematisk grunnlag for vidare studium.
Instituttet har ei felles studentforeining som arrangerer sosiale samlingar, spelkveldar, filmklubb, hytteturar, pub-lectures, eksamensfestar, feiring av Pi-dagen, juleverkstad, idrettsarrangement og meir til.
Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid, der du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Ei typisk veke kan ha 18-24 timar med undervisning i form av forelesingar, seminar- og reknegrupper. I tillegg må du rekne med sjølvstudium som lesing, kollokviegrupper og “orakel”– grupper med ein eldre student til stades som hjelper deg.
Med ein bachelorgrad i anvend matematikk lærer du å utvikle og analysere modellar og å bruke metodar og utvikle desse videre, noko som er ein viktig kompetanse du kan bruke i vidt forskjellige fagfelt og i vidare studium.
Våre studentar får yrke som forskingsingeniør, analytikar, forskar, Data scientist m.m., og har for eksempel fått jobb
Generell studiekompetanse og REALR2:
Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg anten
Fysikk 1 + 2 eller
Kjemi 1 + 2 eller
Biologi 1 + 2 eller
Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
Geofag 1 + 2 eller
Teknologi og forskningslære 1 + 2
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester, haust:
Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
Innføring i matematikk (MAT100*, 10 studiepoeng)
2. semester, vår:
Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)
3. semester, haust:
Innføring i numeriske metodar (MAT160, 10 studiepoeng)
Funksjonar av fleire variablar (MAT212, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng)
4. semester, vår:
Mekanikk 1 (PHYS111, 10 studiepoeng)
Seminarmodell eller eksamensmodell (EXPHIL, 10 studiepoeng)
Eit valfritt emne (10 studiepoeng)
5. semester, haust:
Tre valfrie emne (30 studiepeoeng)
6. semester, vår:
Laboratoriekurs i reknevitskap (MAT264, 10 studiepoeng)
to valfrie emne (20 studiepoeng)
* Innføringsemne, ikkje obligatorisk
Du kan reise på utveksling som del av dette studieprogrammet. Fjerde, femte og/eller sjette semester er best eigna for utanlandsopphald. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark.
Etter ein bachelorgrad i anvend matematikk vil du vere kvalifisert til ei rekke masterprogram, avhengig av valemne. Ei naturleg fortsetting er masterprogram i anvend og utrekningsorientert matematikk, der du kan velje blant mange ulike spesialiseringar.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.