Tett på forskningen som masterstudent
Masterstudenten Marianne Borchgrevink-Brækhus merker stor forskjell på å studere bachelor og master. På masternivå blir hun mer inkludert i fagmiljøet og får samarbeide med gode veiledere.
Masterprogrammet i barnevernsarbeid skal gi innsikt i ulike sider ved livet til barn, unge og familiar som lever i vanskelege situasjonar, og i kva samfunnsforhold som har mest å seie for korleis dei har det i kvardagen. Frå og med hausten 2024 vil det vere mogleg å søkje om å ta studiet på deltid.
I dette studiet får du oppdatert kunnskap om individuelle, samfunnsmessige, kulturelle og politiske forhold, og korleis desse påverkar livet til barn og familiar. Gjennom sjølvstendig arbeid med ei masteroppgåve dannar studiet også grunnlag for vidare forsking og arbeid på høgare nivå (*Ph.d.).
Studiet har ein ressursbasert tilnærming, dvs. at man ser på kva som allereie finnes av positive faktorar og ressursar, og deretter bruker dem for å oppnå mål og løyse utfordringar, samtidig som det fokuseres på å vektlegge ein forståing av fagfeltet på system nivå.Det er eit mål at du etter fullført studium skal ha ferdigheiter og kunnskapar som kan bidra til å forebygge utanforskap og fremme velferd, helse, medverknad og deltaking for barn, unge og familiar i vanskeleg livssituasjonar.
Master i barnevernsarbeid er eit fulltidsstudium på 2 år. Hovudarbeidsformene i studiet er forelesingar, seminar, problembasert læring, individuelle og gruppeoppgåver med og utan rettleiing, sjølvstudium og relevant praksis ut i feltet kor du vil få erfaring frå individ- og systemretta arbeid. Desse arbeidsformene er brukt i ulike emne og kombinert på ulike måtar for å skape samanheng mellom undervisning, læringsutbytte og vurderingsformer. Den planlagde undervisninga utgjer berre ein del av studietida di i løpet av ei veke, resten av tida må du sjølv ta ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga.
Undervisninga er samlingsbasert og vil i hovudsak vere på norsk, men noko vil og vere på engelsk. Litteraturen er på norsk og engelsk.
Som student vil du for det meste halde til på Alrek Helseklynge, rett utanfor Bergen sentrum. Der finn du opne lesesalar og mer.
Med master i barnevernsarbeid kan du arbeide i barnevernsrelaterte yrke. Utdanninga rettar seg mot arbeid i ulike delar av barnevernsfeltet og arenaer som arbeider med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
Kandidatane vil få kompetanse som spenner frå individretta arbeid til systemretta arbeid over fleire område. Eksempel på individretta arbeid kan vere arbeid innan barnevern, psykisk helse, kriminalomsorg, barnehage og skole. Eksempel på systemretta arbeid kan vere prosjektleiing knytt til innovasjon, tenesteutvikling og førebygging i dei områda studiet fokuserer på.
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Masterprogrammet i barnevern er i hovudsak eit fulltidsstudium som går over fire semester og består av seks obligatoriske emne på 15 studiepoeng og eit masteroppgåveemne på 30 studiepoeng, men man kan også ta studiet på deltid over 3 eller 4 år. Det vil og vere mogleg å innpasse relevant vidareutdanning. For meir informasjon ta kontakt med instituttet.
Studiet på fulltid:
1. semester
Ulike perspektiv på barn og familiar i utsette livssituasjonar (MABVA401, 15 studiepoeng)
Barnevernet sine beslutningsprosessar og rettslære (MABVA402, 15 studiepoeng)
2. semester
Qualitative Methods and Research Planning (HEM303, 15 studiepoeng) eller Quantitative Methods and Research Planning (HEM304, 15 studiepoeng)
Childhood and parenting in diverse contexts (MABVA317, 15 studiepoeng)
3. semester
Innovasjon, tiltak og prosjektplanlegging (MABVA431, 15 studiepoeng)
Praktisk barnevernsarbeid på system- og individnivå (MABVA432, 15 studiepoeng)
4. semester
Masteroppgåve i barnevernsarbeid (MABVA450, 30 studiepoeng)
For forslag til deltidsstudieløp, sjå her.
Det er ikkje mogleg med utveksling på dette studiet.
Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.