Berekraft (master)

Skal verda nå berekraftsmåla til FN, krev det kunnskap og gjennomføringsevne. Med ein master i berekraft kan du vere med og lage tverrfaglege løysingar på kompliserte problem.

Kva lærer du?

Studiet gir deg djup kunnskap om dei viktigaste spørsmåla og utviklingstrekka innanfor berekraft. Vi tenker berekraft som eit tverrfagleg felt, sidan dei gode løysingane sjeldan kjem frå eitt perspektiv aleine.

Masterprogrammet tar for seg korleis samfunn, politikk, vitskap og lovverk saman kan bidra til ei meir berekraftig verd. Du får høve til å studere dette på tvers av fagfelt som for eksempel biologi, juss, klimavitskap, historie og samfunnsvitskap.

Studiet har tre studieretningar:

  • Globale samfunnsutfordringar
  • Klima og energiomstilling
  • Marin berekraft

På studiet vil vi aktivt utforske og forfølge spørsmål som:

  • Kva er berekraft, og korleis har omgrepet “berekraft” utvikla seg over tid?
  • Kva er dei viktigaste berekraftsutfordringane på felt som klima, energi, marin biologi, og global utvikling?  
  • Korleis utspeler berekraft seg i forholdet mellom juss, politikk og vitskap?  
Studiekvardag

Undervisninga er delt mellom forelesingar og studentleia aktivitetar. Ei typisk veke dei første to semestera består av to dagar med forelesing, to dagar med seminarundervisning, og ein dag med eigendefinert studium. Under seminara vil du få anledning til å gi og få respons på arbeidet ditt saman med medstudentane dine.

Første semester har mest fokus på obligatoriske emne, mens andre semester fokuserer på spesialisering. I tredje og fjerde semester gjennomførerer du ditt eige masterprosjekt. Dette kan vere i form av eit forskingsprosjekt, eller som praksisutplassering. 

Studiet legg opp til aktiv deltaking frå deg som student. Vi kombinerer klasseromsundervisning med praktiske øvingar om aktuelle og relevante problem. Du vil fokusere på berekraft gjennom problembasert læring, saman med medstudentar og fagpersonar og i møte med forskarar, entreprenørar, aktivistar og politikarar.

Kva kan du jobbe som?

Berekraft er blitt ein integrert del av strategiane til styresmakter, offentlege verksemder og i mange delar av næringslivet.   

Med master i berekraft vil du kunne arbeide innan alle arbeidsområde der tverrfaglege rammer og berekraftsmål er viktig, for eksempel  

  • offentlege, private eller ideelle organisasjonar 
  • offentleg administrasjon   
  • internasjonale organisasjonar som arbeider for berekraft   
  • journalistikk på berekraftsfeltet 
  • private selskap   
  • tenketankar 

Du vil òg få ei relevant utdanning til å halde fram i ei forskings- og utdanningskarriere, gjennom for eksempel doktorgradsarbeid. 

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i berekraft ser eit toårig studium som startar i august.

Eit masterprogram i berekraft kan sjå slik ut:  

1.semester  

Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft (15 studiepoeng)  

Kunnskapsformer (5 studiepoeng)  

Eit valemne (10 studiepoeng)

2.semester  

Systemtenking og modellering for berekraft (10 studiepoeng)  

Valemne (20 studiepoeng)

3.semester  

Praksisopphald (30 studiepoeng)  

eller  

Masteroppgåve (60 studiepoeng) 

4.semester 

Praksisbasert masteroppgåve (30 studiepoeng)  

eller  

Framhald av masteroppgåve (60 studiepoeng)  

Valemna skal veljast frå ei liste med anbefalte valemne. Denne lista finn du i studieplanen. 

Utveksling

Som del av graden kan du studere eitt semester i utlandet. UiB har samarbeidsavtalar med ei rekke utenlandske universitet med studieprogram på berekraftsområdet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Du vil kunne gå vidare med ph.d.-utdanning. Om du ønsker dette, bør du velje å skrive ei masteroppgåve på 60 studiepoeng, sidan dette kan vere eit krav for opptak til ph.d.-program.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55588968
E-post: studie@svt.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i bærekraft