Studieplan for MAHF-SDG Masterprogram i berekraft, høst 2026
Omfang og studiepoeng
120 studiepoeng
Namn på grad
Master i berekraft
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Engelsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Masterprogrammet i berekraft gir ei tverrfagleg utdanning som førebur studentane på å arbeide med berekraftsutfordringar som komplekse, usikre og omstridde problem i ei verd prega av rask omstilling. Studentane får eit solid fagleg grunnlag i sentrale berekraftsspørsmål og tema, sett frå ulike vitskaplege perspektiv, inkludert natur- og samfunnsvitskap og humaniora.
Programmet er forankra i systemiske og kritiske perspektiv på berekraft. Berekraftsutfordringar blir forstått som «wicked problems», kjenneteikna av ufullstendig kunnskap, motstridande verdiar og interesser, usemje om korleis problema skal formulerast, og fråvær av endelege løysingar. Studentane blir trena i å analysere slike utfordringar konseptuelt, empirisk og refleksivt, heller enn å leite etter enkle delvise løysingar.
Programmet kombinerer obligatoriske kjerneemne og valfrie emne, som til saman leier fram mot arbeidet med masteroppgåva. I kjerneemna studerer studentane ulike berekraftstema og utviklar felles faglege grunnlag innan tverrfaglegheit, kunnskapsformer, forholdet mellom vitskap og politikk, samt systemtenking og modellering for berekraft. Systemtenking blir brukt for å utforske samanhengar, tilbakekoplingar og dynamikk i komplekse system, samtidig som ein reflekterer over avgrensingane ved modellering, prediksjon og kontroll.
Studentane blir tekne opp til éin av tre spesialiseringar: marin berekraft, klimaendringar og energiomstilling, eller globale samfunnsutfordringar. Spesialiseringane gjer det mogleg for studentane å styrkje den faglege bakgrunnen sin gjennom valemne og masterarbeid, samtidig som dei heile tida arbeider med perspektiv frå andre fagfelt. Gjennom heile studiet blir studentane oppmoda til å kople saman berekraftsomgrep på tvers av emne og spesialiseringar, og til å reflektere over korleis eigen fagbakgrunn formar forståinga av berekraftsutfordringar.
I det andre studieåret vel kvar student anten ei masteroppgåve på 60 studiepoeng knytt til spesialiseringa si, eller eit praksisopphald på 30 studiepoeng kombinert med ei 30 studiepoengs masteroppgåve tett knytt til praksiserfaringa.
Læringsutbyte
Ved fullført program skal kandidaten ha oppnådd følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om sentrale berekraftsutfordringar og tema, inkludert marin berekraft, klimaendringar og energiomstilling, og globale samfunnsutfordringar
- har spesialisert djupnekunnskap innan eitt av desse områda eller innan eit felt av berekraftsvitskap
- har avansert kunnskap om berekraftsvitskap og korleis omgrepet «berekraft» er eit omstridt og situert omgrep, forma av kunnskapsformer, verdiar, maktrelasjonar og normative føresetnader
- forstår berekraftsutfordringar som «wicked problems», kjenneteikna av kompleksitet, uvisse, ubestembarheit (indeterminancy) og usemje
- har kunnskap om ulike kunnskapsformer, inkludert vitskapleg og erfaringsbasert kunnskap, og om deira roller og avgrensingar i berekraftssamanhengar
- forstår systemtenking og korleis slike tilnærmingar kan nyttast til å analysere komplekse berekraftsutfordringar, inkludert styrkar og avgrensingar ved desse perspektiva
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan analysere berekraftsutfordringar ved hjelp av relevante teoretiske perspektiv knytte til wicked problems, ubestembarheit (indeterminancy), tverrfaglegheit og systemtenking
- kan kritisk vurdere og kople saman kunnskapsgrunnlag frå ulike disiplinar og kjelder, også under tilhøve med uvisse og ufullstendig informasjon
- kan samarbeide i tverrfaglege team, og forhandle om ulike problemformuleringar, føresetnader og kvalitetskriterium
- kan integrere innsikter frå ulike vitskapsdisiplinar med eigen fagleg kompetanse
- kan nytte refleksiv analyse for å vurdere eiga faglege posisjonering, eigne føresetnader og eigne kunnskapsformer i møte med berekraftsutfordringar
- kan utforme og gjennomføre sjølvstendige forskings- eller praksisretta prosjekt under rettleiing og i tråd med forskingsetiske normer og standardar
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan drøfte komplekse berekraftsspørsmål kritisk, både skriftleg og munnleg, ved bruk av relevante teoretiske omgrep
- kan plassere eigen fagkompetanse i ein breiare tverrfagleg og samfunnsmessig samanheng og i relasjon til fleire typer kunnskapsformer
- kan arbeide med berekraftsutfordringar på ein refleksiv, kritisk og analytisk fundert måte, med erkjenning av uvisse, avgrensingar i kontroll og korleis fakta, verdiar og kjensler er tett samanvovne
Opptakskrav
Generelle opptakskrav
Søkjarar må ha ein bachelorgrad (eller tilsvarande) på minst tre års varigheit frå ein godkjend institusjon. I tillegg må søkjarar oppfylle dei fagspesifikke krava for den spesialiseringa dei har valt:
Globale utfordringar
Søkjarar må ha
- minst 80 studiepoeng (ECTS) innan eit relevant fagfelt i samfunnsvitskap, humaniora, jus eller psykologi. Søkjarar med relevant tverrfagleg akademisk bakgrunn vil også bli vurderte.
- minst 10 studiepoeng i forskingsmetode
Klima og energiomstilling
Søkjarar må ha
- minst 80 studiepoeng innan eit relevant STEM-fagfelt (t.d. naturvitskap, ingeniørfag eller matematikk)
- minimum eit introduksjonsemne i fysikk (tilsvarande 10 studiepoeng)
Marin bærekraft
Søkjarar må ha
- minst 80 studiepoeng innan eit relevant STEM-fagfelt (t.d. oseanografi, marinbiologi, fiskeribiologi, marin forvaltning eller liknande)
- minimum eit introduksjonsemne i biologi (tilsvarande 10 studiepoeng)
Søkjarar vil bli rangert etter dei akademiske resultata sine, basert på karakterane i bachelorgraden. Programstyret vil også ta omsyn til den samla faglege bakgrunnen til studentane.
Språkkrav
Personar som ikkje har engelsk som morsmål må kunne dokumentere språkferdigheitene sine etter vanlege universitetskrav: https://www4.uib.no/en/studies/admission-and-application/english-language-requirements-for-masters-programmes-taught-in-english
Søkarar frå EU/EØS/Sveits: https://www.uib.no/en/education/110785/application-procedure-eueeaswiss-applicants
Søknadsprosessar for nordiske søkarar og personar med opphald i Noreg: https://www.uib.no/en/education/49448/application-procedure-nordic-citizens-and-applicants-residing-norway
Obligatoriske emne
Frå 2026: SDG309 Tverrfaglege perspektiv på berekraft (20 studiepoeng)
Til og med 2025: SDG310 Introduksjonsemne: Tverrfaglege tilnærmingar til berekraft (15 studiepoeng) + SDG311 Kunnskapsformer (5 studiepoeng)
SDG312 Systemtenking og modellering for berekraft (10 studiepoeng)
SDG350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)
eller
SDG349 Praksisopphald (30 studiepoeng) og SDG351 Praksisbasert masteroppgåve (30 studiepoeng)
Studentane skal velge å anten skrive ei forskingsbasert masteroppgåve på 60 studiepoeng eller eit praksisopphald på 30 studiepoeng (SDG349) kombinert med ei masteroppgåve på 30 studiepoeng (SDG351).
Spesialisering
Enten
Klimaendringar og energiomstilling
eller
Marin berekraft
eller
Globale samfunnsutfordringar
Tilrådde valemne
Lista over valemne er ikkje uttømmande. Alle emne som vert tilbydde ope ved Universitetet i Bergen kan vurderast som valemne, så lenge dei er relevante for spesialiseringa og godkjende av spesialiseringskoordinator. Merk at valemne må vere på 200-nivå eller høgare. Emne på 100-nivå kan ikkje godkjennast som valemne i masterprogrammet.
Klimaendringar og energiomstilling
• ENERGI230 Miljø og energi (10 studiepoeng, haust)
• ENERGI300 Energiressursar og -forbruk (10 studiepoeng, haust)
• ENERGI321 Energi frå havvind (5 studiepoeng, vår)
• ENERGI351 Vitskapleg skriving og formidling (10 studiepoeng, vår og haust)
• GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng, haust)
• GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng, haust)
• GEO337 Political Ecology: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng, vår)
• GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår/ haust)
• GEOF347 Seminar om jordsystemet og berekraftig utvikling (5 studiepoeng, haust)
• GOV212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng,
vår)
• JUS3510 Energy Law: Hydrocarbons, Renewables and Energy Markets (10 ECTS, haust)
• JUS3511 International Climate Law (10 studiepoeng, vår)
• KLIMA200 Klimaforteljingar (5 studiepoeng, vår, haust, uregelmessig)
• SDG207 Energiomstilling (10 studiepoeng, haust)
• SDG213 Klimaendringar - årsaker og konsekvensa (10 studiepoeng, haust)
• SDG215 FNs Bærekraftsmål 15: Liv på land (10 studiepoeng, vår)
- SDG314 Metoder og prosjektutvikling i tverrfaglig bærekraftsforskning (10 studiepoeng,vår
Marin berekraft:
- BIO208 Miljøpåverknad av oppdrett (10 studiepoeng, vår)
- BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 studiepoeng, haust. Emnet er berre undervist på norsk)
- BIO316 Utvalde emne i miljøtoksikologi (5 studiepoeng, vår)
- BIO356 Bestandsovervaking og ansvarleg hausting (10 studiepoeng, vår)
- BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 studiepoeng, haust)
- FIL336 Masteremne i miljøetikk (10 studiepoeng, vår)
- GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / haust)
- JUS3516 Law of the Sea and its Uses (10 studiepoeng, vår)
- SDG213 Klimaendringar - årsaker og konsekvensar (10 studiepoeng, haust)
- SDG214 FNs berekraftsmål 14: Liv under vatn (10 studiepoeng, vår)
- SDG215 FNs berekraftsmål 15: Liv på land (10 studiepoeng, vår)
- SDG314 Metoder og prosjektutvikling i tverrfaglig bærekraftsforskning (10 studiepoeng,vår)
Globale samfunnsutfordringar:
SDG314 Metoder og prosjektutvikling i tverrfaglig bærekraftsforskning (10 studiepoeng, vår)
FIL336 Masteremne i miljøetikk (10 studiepoeng, vår)
GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng, haust)
GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng, haust)
GEO337 Political Ecology: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng, vår)
GEO-SD330 Natural Resources Management (10 studiepoeng, vår / haust)
GLODE300 Critical approaches to development (15 studiepoeng, haust)
GLODE308 Gender in Development (10 studiepoeng, haust)
GLODE309 Foundations of Health Promotion related to development (10 studiepoeng, haust)
GOV212 Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar (10 studiepoeng, vår)
HEFR342 Resource approaches to health and wellbeing (10 studiepoeng, haust)
INTH344 Migrasjon og helse (3 studiepoeng, vår)
JUS3513 Human Rights and Welfare Policies (10 studiepoeng, haust)
KLIMA200 Klimaforteljingar (5 studiepoeng, vår, haust, uregelmessig)
SDG303 Global Health - Challenges and Responses (15 studiepoeng, haust)
Rekkefølgje for emne i studiet
Oversikta under viser progresjonen gjennom programmet, organisert etter semester og spesialisering. Strukturen kombinerer obligatoriske emne med valfrie emne som gjer det mogleg for studentane å fordjupe seg i den valde spesialiseringa.
Første semester (haust) (gjeld frå 2026)
Alle studentar tek det obligatoriske emnet
• SDG309 Tverrfaglege perspektiv på berekraft (20 studiepoeng)
I tillegg skal studentane velge 10 studiepoeng med valemne som errelatert til spesialiseringa.
Andre semester (vår)
Alle studentar tek det obligatoriske emnet
• SDG312 Systemtenkjing og modellering for berekraft (10 studiepoeng)
I tillegg skal studentane velge 10 studiepoeng med valemne som er relatert til spesialiseringa. Emnet
SDG314 Individuell prosjektutvikling er anbefalt å velje.
Tredje og fjerde semester
Studentar vel mellom:
• SDG350 Masteroppgåve (60 studiepoeng), i tredje og fjerde semester,
eller
• Tredje semester:
o SDG349 Praksisopphald (30 studiepoeng)
• Fjerde semester:
o SDG351 Praksisbasert masteroppgåve (30 studiepoeng)
Delstudium i utlandet
I samband med praksis og masteroppgåva har studenten høve til eit utvekslingsopphald i utlandet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga i programmet er basert på studentaktive læringsformer og eit mangfald av undervisings- og læringsmetodar, med vekt på aktiv deltaking i berekraftsutfordringar, slik dette er skildra i dei enkelte emnebeskrivingane.
Vurderingsformer
Programmet nyttar ulike vurderingsformer, inkludert skriftlege og munnlege vurderingar (både individuelle og gruppebaserte), mappevurdering og andre vurderingsformer, slik dette er spesifisert i dei enkelte emnebeskrivingane.
Karakterskalaen er anten A–F eller bestått/ikkje bestått, slik det går fram av emnebeskrivingane.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Karakterskala
To karakterskalaer blir bruk:
A-F
Greidd/ikkje greidd
Sjå emneskildringa for detaljar i kvart enkelt emne.
Grunnlag for vidare studium
Ein mastergrad i berekraft kan gi opptaksgrunnlag for eit ph.d.-program.
Relevans for arbeidsliv
Ein mastergrad i berekraft gir kandidatane brei kompetanse i tverrfagleg problemløysing og kvalifiserer dei for arbeid i eit vidt spekter av lokale, regionale, nasjonale og internasjonale organisasjonar og etatar, så vel som i ulike delar av offentleg forvaltning. Dei som fullfører programmet, er kvalifiserte for stillingar i offentleg og privat sektor som krev grunnleggande ferdigheiter i berekraftsrelatert planlegging, gjennomføring og evaluering, knytt til spesialiseringa dei har valt innan klimaendringar og energiomstilling, marin berekraft eller globale samfunnsutfordringar.
Kandidatane vil ha demonstrert ferdigheiter i tverrfagleg teamarbeid og vil kunne byggje, delta i og bidra til team med medlemmar frå ulike profesjonelle og faglege bakgrunnar, inkludert samarbeid med lokalsamfunn og interesseorganisasjonar. Dei er òg kvalifiserte til å arbeide som forskingsassistentar i både offentleg og privat sektor. Studentar med sterke faglege resultat kan gå vidare med akademiske studiar, inkludert doktorgradsforsking.
Evaluering
Programmet vil bli evaluert i samsvar med Det humanistiske fakultet sine rutinar for evaluering og i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.
Programansvarleg
Programstyret har det overordna ansvaret for det faglege innhaldet, strukturen og utforminga av studieprogrammet, og for å sikre kvaliteten og den kontinuerlege utviklinga av programmet, inkludert jamleg evaluering av læringsmål, undervisningsmetodar og vurderingsformer.
Administrativt ansvarleg
Senter for vitskapsteori har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
studie@svt.uib.no