Berekraft (master)
Korleis kan berekraftsutfordringar forståast og handterast på tvers av fagdisiplinar og sektorar? Masterprogrammet i berekraft ved Universitetet i Bergen gjev studentane tverrfaglege perspektiv og praktisk erfaring med å analysere komplekse berekraftsspørsmål.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 20
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Engelsk
Kva lærer du?
Programmet introduserer berekraft som eit tverrfagleg studieområde og byggjer på tre spesialiseringar:
- Globale samfunnsutfordringar
- Klimaendringar og energiomstilling
- Marin berekraft
Studentane arbeider med berekraftsutfordringar frå ulike faglege og tematiske vinklar, gjennom ei kombinasjon av teoretiske perspektiv og praktisk læring.
I studiet utforskar studentane kompleksitet og uvisse i berekraftskontekstar, systemtenking og modellering, og med korleis vitskapleg kunnskap, samfunnsinteresser og verdiar verkar saman i berekraftsrelaterte avgjerdsprosessar.
Dei jobbar med sentrale omgrep som «wicked problems», ubestembarheit og grensearbeid, og utviklar ferdigheiter i tverrfagleg og transdisiplinært samarbeid. Studentane arbeider saman med case-studier og reflekterer over korleis problemforståingar, kunnskapsformer og verdiar påverkar både forståing og handling.
Studiekvardag
Studentane kjem frå ulike faglege bakgrunnar og vel mellom spesialiseringane marin berekraft, klimaendringar og energiomstilling og globale samfunnsutfordringar. Dette mangfaldet er ein viktig ressurs i læringsprosessen og krev openheit og vilje til å møte ulike perspektiv. Omtrent 20 studentar får plass på programmet, og det er mykje samarbeid mellom studentar og tilsette som gir eit tett og støttande læringsmiljø.
Undervisninga er interaktiv og studentaktiv, og kombinerer førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid med berekraftsutfordringar og individuell refleksjon og skriving. Programmet er fagleg krevjande, og studentane er venta å engasjere seg aktivt i kursmateriale, i kvarandre og i undervisarane. Studentar og lærarar utfordrar etablerte førestillingar og perspektiv og arbeider med vanskelege spørsmål knytte til interessekonfliktar, verdiar og avvegingar i berekraftsspørsmål.
Kva kan du jobbe som?
Berekraft er blitt ein integrert del av strategiane til styresmakter, offentlege verksemder og i mange delar av næringslivet.
Med master i berekraft vil du kunne arbeide innan alle arbeidsområde der tverrfaglege rammer og berekraftsmål er viktig, for eksempel
- offentlege, private eller ideelle organisasjonar
- offentleg administrasjon
- internasjonale organisasjonar som arbeider for berekraft
- journalistikk på berekraftsfeltet
- private selskap
- tenketankar
Du vil òg få ei relevant utdanning til å halde fram i ei forskings- og utdanningskarriere, gjennom for eksempel doktorgradsarbeid.
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Sjå korleis du reknar ut karaktersnittet ditt For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle: Dei generelle opptakskrava for master på UiB Dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Engelsk
Studiets oppbygging
I dei to første semestra tek studentane obligatoriske emne (SDG309 og SDG312) i kombinasjon med valfrie emne som støttar spesialiseringa deira. I tredje og fjerde semester gjennomfører dei eit sjølvstendig masterprosjekt, enten som ei forskingsbasert masteroppgåve eller ei praksisbasert masteroppgåve.
Eit masterprogram i berekraft kan sjå slik ut:
1.semester
SDG309 - Tverrfaglege perspektiv på berekraft(20 studiepoeng)
Eit valemne (10 studiepoeng)
2.semester
SDG312 - Systemtenking og modellering for berekraft (10 studiepoeng)
Valemne (20 studiepoeng)
3.semester
SDG349 - Praksisopphald (30 studiepoeng)
eller
SDG350 - Masteroppgåve (60 studiepoeng)
4.semester
SDG351 - Praksisbasert masteroppgåve (30 studiepoeng)
eller
Framhald av masteroppgåve (60 studiepoeng)
Valemna skal veljast frå ei liste med anbefalte valemne. Denne lista finn du i studieplanen.
Utveksling
Som del av graden kan du studere eitt semester i utlandet. UiB har samarbeidsavtalar med ei rekke utenlandske universitet med studieprogram på berekraftsområdet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Vidare studiemoglegheiter
Du vil kunne gå vidare med ph.d.-utdanning. Om du ønsker dette, bør du velje å skrive ei masteroppgåve på 60 studiepoeng, sidan dette kan vere eit krav for opptak til ph.d.-program.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.