Energi (integrert masterprogram, sivilingeniør)

Dette er sivilingeniørstudiet for deg som vil vere med å løyse løyse energiutfordringane i verda. Korleis kan energiforsyning og energibruk bli lagt om slik at vi kan sikre ei berekraftig framtid? Ta ei framtidsretta sivilingeniørutdanning og bli ein ressurs for framtidas energiløysingar!

Kva lærer du?

Ein ferdig utdanna sivilingeniør frå dette programmet    

  • har solid, vitskapeleg fundert kunnskap  om ulike energiressursar og korleis dei blir utnytta, og om deira fordelar og ulemper 
  • har spesialisering innan eit av felta  1) vind- og havenergi, 2) reservoar og geoenergi, 3) energi – og prosessteknologi, 4) kjemiske energiløysingar eller 5) modellering av energisystem 
  • kan utføre avanserte analysar av for eksempel ressursar,  fornybar  energi, systemverknad og  miljøkonsekvensar   
  • kjenner dei teknologiske, samfunns- og miljømessige utfordringane og moglegheitene knytt til verdas energibruk og energikjelder
Studiekvardag

Vi har eit inkluderande studentmiljø på tvers av kulla, og du vil treffe studentar på liknande studieprogram i dei ulike emna. Emna i programmet er innan fysikk, informatikk, kjemi og matematikk, og vêr, hav og klima. 

Studiekvardagen består av undervisning i store og små grupper, data- og rekneøvingar, laboratoriearbeid og sjølvstudium. Du kan rekne med å bruke rundt 40 timar i veka på̊ studia. Du finn lesesalplassar på̊ læringssenteret til Universitetsbiblioteket i Realfagbygget eller i Allégaten 66. Om sommaren sit mange studentar i den fine hagen framfor Geofysisk institutt. 

På programmet har vi eit aktivt fagutval (Lumen), som står for både sosiale og faglege  arrangement. Du får vere ein del av eit internasjonalt fagmiljø gjennom samarbeid med for eksempel Bergen Offshore Wind Centre (BOW), Bergen Energy Lab og Bjerknessenteret for klimaforsking.  

Kva kan du jobbe som?

Sivilingeniørar med mastergrad i energi er etterspurt. Dagens utfordringar skapar aukande behov for spesialistar innan energi og energiomstilling, både i Noreg og i verda.  

Utdanninga opnar for ein karriere i både privat og offentleg sektor, for eksempel innan  

  • energiselskap (som Equinor, Statkraft og Eviny)  
  • energiteknologiselskap   
  • konsulentselskap (som StormGeo, Multiconsult)  
  • universitet, høgskolar og forskingsinstitutt  
  • transportbedrifter (som NCE Maritime Cleantech)  
  • leverandørindustrien (som Aker Solutions, Aibel, Kværner)
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 54.9
Primær kvote: 52.3

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: SIVING

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:

  • Bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
  • Bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • Bestått 2-årig teknisk fagskule (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare)

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Det integrerte masterprogrammet i energi er eit femårig fulltidsstudium. Dei første to åra (1.-4. semester) er felles for alle studentane på kullet. Deretter vel studentane kva spesialisering dei ønsker å fordjupe seg i. Studiet blir avslutta med ei individuell mastergradsoppgåve. 

Du kan spesialisere deg i retningane 

Vind- og havenergi  

Kjemiske energiløysingar 

Modellering av energisystem  

Reservoar- og geoenergi   

Energi- og prosessteknologi  

Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha forelesingar, seminar og  praktiske øvingar. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på nettsidene til kvar enkelt emne. Sjå nærmare på Introduksjon til energikjelder ENERGI101. Du kjem i kontakt med næringslivet  gjennom  emnet  ENERGI240 Praksisutplassering, samt gjennom ekskursjonar og bedriftspresentasjonar.    

Masteroppgåva  er på 60 studiepoeng, altså eitt år. Dette gjer det mogleg å fordjupe deg godt i stoffet. Du  kan  velje mellom ulike oppgåvetema, avhengig av kva studieretning du vel.  

Oppbygginga og studieløpet for dei ulike studieretningane finn du i studieplanen. Dette er eit eksempel på korleis studieløpet ditt kan sjå ut: 

1. semester (haust)  

Introduksjon til energikjelder og forbruk (ENERGI101, 10 studiepoeng) 

Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng) 

Innføring i programmering (INF100 , 10 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

Livsløpsanalyse (ENERGI102, 10 studiepoeng) 

Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng) 

Mekanikk 1 (PHYS111, 10 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

Miljø og energi (ENERGI230, 10 studiepoeng) 

Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng) 

Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng) 

4. semester (vår) 

Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng) 

Innovasjon ved designtenkning (INNOV201, 10 studiepoeng) 

EXPHIL-MNSEM (10 studiepoeng) 

5. semester (haust) 

Praksisutplassering (ENERGI240, 10 studiepoeng) 

Retningsval (10 studiepoeng) 

Retningsval (10 studiepoeng) 

6. semester (vår) 

Retningsval (10 studiepoeng) 

Retningsval (10 studiepoeng) 

Retningsval (10 studiepoeng) 

7. semester (haust) 

Retningsval/valemne (10 studiepoeng) 

Retningsval/valemne (10 studiepoeng) 

Retningsval/valemne (10 studiepoeng) 

8. semester (vår) 

Valemne (10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

9. semester (haust) 

Masteroppgåve (ENERGI399I, 30 studiepoeng) 

10. semester (vår)  

Masteroppgåve (ENERGI399I, 30 studiepoeng) 

Utveksling

Dersom du ønsker eit utanlandsopphald, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar tidleg i studiet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: energi-siving@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør)