Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Dette er eit masterprogram for deg som vil tileigne deg praktiske kunnskapar innan utvikling av programvare. Her lærer du å skape avansert datateknologi med moderne metodar. Masterprogrammet blir gjennomført i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Frammøte: Onsdag 8. januar kl. 10:15-13:00 i Stort auditorium, datablokken høyteknologisenteret, Thormøhlensgate 55
10:15 Obligatorisk informasjonsmøte
10:30 Møt forskningsgruppene
12:00 Felles lunsj med pizza
Oppmøte er obligatorisk. På møtet vert det gitt viktig informasjon om masterstudiet, emne og moglege tema for masteroppgåve. Dersom tvingande grunnar gjer at du ikkje kan delta i møtet, send ein e-post til studieveileder@ii.uib.no.
Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia.
I løpet av studieprogrammet vil du lære om
Du vil fullføre studiet med brei kompetanse innan moderne programvareutvikling og ekspertise om temaet du vel å skrive masteroppgåve om.
Institutt for informatikk har eit internasjonalt miljø med dyktige studentar og anerkjente forskarar. Vi oppmodar masterstudentar til å delta i forskingsgrupper. Allereie i første semester vel du masteroppgåvetema og har individuell rettleiar.
I ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Noko av undervisninga blir gjennomført på HVL, og både undervisninga og litteraturen er hovudsakleg på engelsk.
Instituttet held til på Høgteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar, og du kan også bruke Realfagsbiblioteket.
UiB har mange studentorganisasjonar. Studentane ved Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining, som organiserer faglege og sosiale arrangement. Å vere med i ei studentorganisasjon gir mange erfaringar og vennskap for livet.
Når du er ferdig med mastergraden, kan du for eksempel
Du vil bli kvalifisert til å arbeide i både privat og offentleg sektor, som for eksempel:
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne . INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
Bachelor Dataingeniør fra HVL
Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.
Du må også ha:
ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av. Karaktersnitt med resultat "bestått" våren 2020
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Språkkrav for tospråklege program
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Graden består av 120 studiepoeng. Du skal velje ei masteroppgåve på enten 60 eller 30 studiepoeng.
Slik kan studieplanen sjå ut dersom du vel kort masteroppgåve (30 studiepoeng):
1. semester
Algoritmar (10 studiepoeng)
Avanserte programvareteknologiar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
2. semester
Programmeringsspråk (10 studiepoeng)
Moderne systemutviklingsmetodar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
3. semester
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
4. semester
Masteroppgåve (30 studiepoeng)
Slik kan studieplanen sjå ut dersom du vel lang masteroppgave (60 studiepoeng):
1. semester
Algoritmar (10 studiepoeng) (anbefalt valemne)
Avanserte programvareteknologiar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
2. semester
Programmeringsspråk (10 studiepoeng)
Moderne systemutviklingsmetodar – undervist ved HVL (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
3. og 4. semester
Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Valemne må veljast i samråd med rettleiaren din. Du kan for eksempel velje INF210, INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkemne ved UiB. Du kan òg velje DAT355, DAT254, DAT259 eller andre emne ved HVL.
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det andre eller tredje semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Etter fullført mastergrad kan du søke på lønt stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan informatikk.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.