Geografi (årsstudium)
Geografistudiet passar for deg som er samfunnsengasjert og interessert i natur og miljø, som vil forstå endringsprosessar i naturen og samfunnet, og som ønsker å jobbe med samfunnsaktuelle problemstillingar innan berekraft, klima- og miljøutfordringar, grøn omstilling, byutvikling og byplanlegging.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 18
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På årsstudiet lærer du korleis og kvifor stader endrar seg, korleis samspelet mellom natur, miljø og samfunn bidreg til desse endringane, og korleis menneske påverkar og blir påverka av sine omgivnader. Mange utfordringar i samfunnet treng ei tverrfagleg tilnærming og på geografistudiet lærer du å utforske desse både frå samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å finne gode løysingar og forebyggande tiltak som formar berekraftige byar og stader for framtida.
Ein viktig arbeidsmetode for geografar er feltarbeid. Du lærer både samfunns- og naturvitskapelege metodar for å samle inn og analysere data.
På årsstudiet for du brei kunnskap om ulike tema innanfor natur-, miljø- og samfunnsgeografi.
Studiekvardag
På geografistudiet blir du del av eit godt studentmiljø. Ei aktive studentforeining arrangerer både faglege og sosiale aktivitetar og samarbeider med instituttet for å fremme eit godt læringsmiljø.
Årsstudiet i geografi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Det meste av undervisninga skjer på campus i Bergen sentrum, typisk om lag 10 timar i veka. Du får delta i ulike undervisningsformer som workshops, seminar og førelesingar. Mykje av studiekvardagen består av sjølvstudium og arbeid med innleveringar, individuelt eller i grupper. Du kan nytte fine lesesalfasilitetar på Ulrike Phils hus og på biblioteket vårt.
I andre semester er det to feltkurs som går over tre-fem dagar. På feltkursa får du erfaring med gruppearbeid og å samle inn eigne data for å kunne svare på ei aktuell fagleg problemstilling. Feltkursa går føre seg utanfor campus.
Kva kan du jobbe som?
Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år, for eksempel for å komplettere tidlegare utdanning, eller vil teste ut om geografistudiet er noko for deg. Årsstudiet i geografi gir undervisningskompetanse i geografi.
Eit årsstudium er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av ein bachelor i geografi. Med eit årsstudium i geografi kan du søke overgang til bachelorprogrammet i geografi og begynne direkte på andre året. Ein grad gjer deg betre kvalifisert for jobbar innan planlegging, regional utvikling og miljøforvaltning, i offentleg og privat sektor.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Informasjonsmøte
Velkommen til informasjonsmøte om bachelor og årsstudium i geografi 25.mars kl. 16.30 på Zoom.
Trykk her for å delta i informasjonsmøte om geografi i Zoom (ekstern lenke).
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Årsstudium i geografi varar i eitt år (to semester) og startar i august. Årsstudiet svarar til det første året av bachelorprogrammet i geografi.
Slik er studiet bygd opp:
1. semester
GEO110 – Kartografi og tematiske kart (10 studiepoeng)
GEO113 – Klima, oseanografi og biogeografi (10 studiepoeng)
GEO131 – Mat, miljø og berekraftig utvikling (10 studiepoeng)
2. semester
GEO111 – Landformdannande prosessar (15 studiepoeng)
GEO124 – Regional utvikling (15 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Vidare studiemoglegheiter
Eit årsstudium er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av ein bachelor i geografi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein master i geografi.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.