Geografi (bachelor)
Geografistudiet passar for deg som er samfunnsengasjert og interessert i natur og miljø, som vil forstå endringsprosessar i naturen og samfunnet, og som ønsker å jobbe med samfunnsaktuelle problemstillingar innan berekraft, klima- og miljøutfordringar, grøn omstilling, stadutvikling og byplanlegging
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 38
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
På bachelorstudiet lærer du korleis og kvifor stader endrar seg, korleis samspelet mellom natur, miljø og samfunn bidreg til desse endringane, og korleis menneske påverkar og blir påverka av sine omgivnader. Mange utfordringar i samfunnet treng ei tverrfagleg tilnærming og på geografistudiet lærer du å utforske desse både frå samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å finne gode løysingar og forebyggande tiltak som formar berekraftige byar og stader for framtida.
Ein viktig arbeidsmetode for geografar er feltarbeid. Du lærer både samfunns- og naturvitskapelege metodar for å samle inn og analysere data.
I dei første åra på bachelorprogrammet for du brei kunnskap om ulike tema innanfor geografi. Siste semester kan du fordjupe deg i den retninga du synes er mest spannande: Samfunnsgeografi og berekraftig utvikling eller Natur- og miljøgeografi.
Studiekvardag
På geografistudiet blir du del av eit godt studentmiljø. Ei aktive studentforeining arrangerer både faglege og sosiale aktivitetar og samarbeider med instituttet for å fremme eit godt læringsmiljø.
Feltkursa er høgdepunkt for geografistudentane. Du arbeider i grupper, gjennomfører intervju og samlar inn data. Du får ei god og heilskapleg forståing av faget når du får studere verkelege stader og prøve ut teoriar i praksis.
Det meste av undervisninga skjer på campus i Bergen sentrum, typisk om lag 10 timar i veka. Du får delta i ulike undervisningsformer som prosjektoppgåver, workshops, seminar og førelesingar.
Bachelorprogrammet er eit studium på fulltid der du tar 30 studiepoeng kvart semester. Mykje av studiekvardagen består av sjølvstudium og arbeid med innleveringar, individuelt eller i grupper. Du kan nytte fine lesesalfasilitetar på Ulrike Phils hus og på vårt biblioteket.
Kva kan du jobbe som?
Som geograf blir du attraktiv i arbeidslivet fordi du har ein tverrfagleg bakgrunn og erfaring med å jobbe med prosjekt. Dette gir mange jobbmoglegheiter både i offentleg forvaltning og privat næringsliv. Geografar jobbar i kommunar, fylkeskommunar og i andre statlege etatar som Statens kartverk, Statsforvaltaren og NVE.
Andre jobbar i skoleverket, høgskole- og universitetssektoren, forskingsinstitutt eller som konsulentar i næringslivet. Ein geograf kan blant anna jobbe som samfunns-, by- og arealplanleggar, GIS-koordinator, prosjektleiar, rådgjevar, overingeniør, forskar, samfunnsutviklar.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Dei tre første semestera tar du innføringsemne og felles spesialiseringsemne i geografi. Frå det fjerde semesteret kan du bygge graden din etter dine interesser og framtidsplanar. I det sjette semesteret fordjupar du deg i den studieretninga som interesserer deg mest; natur- og miljøgeografi eller samfunnsgeografi og berekraftig utvikling.
I året med frie studiepoeng kan du studere dei emna som du meiner utgjer den beste kombinasjonen for din grad. Du kan ta opne UiB-emne frå andre fagfelt eller studere meir geografi. Du kan velje praksisemne der du har praksis på ein arbeidsplass og får prøve korleis det er å jobbe som geograf. Dersom du vil bli lærar, kan du bruke dei frie studiepoenga til å ta eit anna fag du kan undervise i. Du kan òg ta frie studiepoeng på utveksling til utlandet og få internasjonal kompetanse.
Bachelorgraden i geografi har 180 studiepoeng fordelt på tre år og startar i august.
Du tar 110 studiepoeng med spesialisering i geografi, 10 studiepoeng i ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) og 60 frie studiepoeng.
Slik er studiet bygt opp:
1. semester
GEO110 – Kartografi og tematiske kart (10 studiepoeng)
GEO113 – Klima, oseanografi og biogeografi (10 studiepoeng)
GEO131 – Mat, miljø og berekraftig utvikling (10 studiepoeng)
2. semester
GEO111 – Landformdannande prosessar (15 studiepoeng)
GEO124 – Regional utvikling (15 studiepoeng)
3. semester
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
GEO125 – Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø (10 studiepoeng)
GEO215 – Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis (10 studiepoeng)
4. semester
Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)
5. semester
Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)
Anbefalte geografiemne som frie studiepoeng:
GEO260 – Praksisemne i geografi (10 studiepoeng)
GEO283 – Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng)
6. semester
Vel ei studieretning:
Natur- og miljøgeografi:
GEO204 – Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
GEO212 – Terrestriske klima- og miljøendringar (15 studiepoeng)
GEO291 – Natur- og miljøgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Samfunnsgeografi og berekrafitg utivkling:
GEO204 – Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
GEO223 – Sustainable development of cities and local communities (15 studiepoeng) eller GEO224 – Planlegging og bærekraftig utvikling av byer og tettsteder (15 studiepoeng)
GEO292 – Samfunnsgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Studieløp for deg som er tatt opp på programmet før 2024
Studieløp for deg som er tatt opp på programmet i 2024 eller 2025
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Dei fleste reiser i fjerde eller femte semester.
Dei siste åra har geografistudentane reist på utveksling til Island, Storbritannia, Frankrike, Nederland, Tyskland, Spania, Australia, Sør-Afrika, Ghana, Fiji, Brasil, Hawaii og Canada.
Vidare studiemoglegheiter
Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein toårig mastergrad i geografi:
• Natur- og miljøgeografi (master)
• Samfunnsgeografi og berekraftig utvikling (master)
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.