Studieplan for MAMD-NUCLI Masterprogram i klinisk ernæring , høst 2024

Omfang og studiepoeng

Masterprogram i klinisk ernæring har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Studiet består av emne på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve (2 emne) på til saman 60 studiepoeng.

Masteroppgåva omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid på til saman 60 studiepoeng som du utfører under rettleiing. Masteroppgåva er delt i to emne, 10 studiepoeng forskingsprotokoll og 50 studiepoeng forskingsoppgåve. I oppgåva skal du løyse ei vitskapeleg problemstilling, behandle eigne data og gje ei skriftleg framstilling av hypotesar, resultat, diskusjon av resultat og konklusjonar.

Namn på grad

Master i klinisk ernæring.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk er hovudspråk. Mesteparten av pensum er på engelsk. 

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Formålet med mastergrad i klinisk ernæring er å gje studentane det teoretiske, vitskaplege, praktiske og yrkesetiske grunnlaget som er nødvendig for å utøve yrket som klinisk ernæringsfysiolog.

Masterprogrammet i klinisk ernæring er delt i ei klinisk og ei forskingsretta del.

Første studieår i masterprogrammet bygger vidare på teoretisk kunnskap tileigna frå bachelorprogram i human ernæring, og setter dette inn i klinisk kontekst med medisinsk ernæringsbehandling av pasientar i spesialisthelsetenesta . Studentar lærer å vurdere ernæringsrelaterte problemstillingar, sette ernæringsdiagnosar, utarbeide ernæringsplanar og utøve medisinsk ernæringsbehandling i samarbeid med anna helsepersonell. I tillegg skal kandidaten starte førebuingar til masteroppgåva som i hovudsak blir gjennomført i andre studieår.

Andre studieår skal kandidaten gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid under rettleiing i form av ei masteroppgåve. Det forskingsretta arbeidet inkluderer å løyse ei vitskapeleg problemstilling, samle og handsame eigne data, og på grunnlag av dette gje ei skriftleg og munnleg framstilling av hypotesar, resultat, diskusjon og konklusjonar. I tillegg skal kandidaten gjennomføre 6 veker klinisk praksis i spesialisthelsetenesta dette året.

Læringsutbyte

Læringsutbyttet er utforma i samsvar med forskrift om nasjonal retningslinje for klinisk ernæringsfysiologutdanning.
Kandidaten skal ved gjennomført studium ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten..

  • Har avansert kunnskap innan medisinsk ernæringsbehandling av born, unge og vaksne
  • Har avansert kunnskap om kliniske ernæringsfysiologers viktigaste ansvarsområde og arbeidsmetodar i primær- og spesialisthelsetenesta
  • Har avansert kunnskap om årsak, førekomst, konsekvensar og behandling av ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstandar til personar i alle aldre og livsfasar
  • Har inngåande kunnskap om standardkost, spesialkost og konsistenstilpassa kost på helseinstitusjonar og i helse- og omsorgstenesta gitt i heimen
  • Kan analysera sentrale ernæringsutfordringar globalt, og kjenner til dei vanlegaste ernæringsretta tiltak og strategiar
  • Har avansert kunnskap innanfor stega i ernæringsbehandlingsprosessen, inkludert kartlegging, diagnose, intervensjon og oppfølging, den tilhøyrande modellen og terminologien
  • har avansert kunnskap innan diagnosespesifikk ernæringsbehandling
  • har avansert kunnskap innan kommunikasjon, samhandling og samarbeid for å etablera tillit og ivareta ein god relasjon og fremma motivasjon med brukarar, pasientar og pårørande, og om korleis språk og kultur påverkar dette
  • Har inngåande kunnskap om relevante forskingsmetodar innan basal-, klinisk-, og epidemiologisk kosthalds- og ernæringsforsking, inkludert fortolking av resultat

Ferdigheiter:

Kandidaten..

  • Kan analysera eit samansett sjukdomsbilete hos born, unge og vaksne og gje tilpassa og målretta medisinsk ernæringsbehandling, oppfølging og monitorering
  • Kan bruka relevante medisinske ernæringsprodukt, inkludert val og dosering av næringsdrikk, sondeernæring og intravenøs ernæring
  • Kan analysera og forholda seg kritisk til eigen og andre si kosthalds- og ernæringsforsking og diskutera overførbarhet og relevans for eigen praksis
  • Kan bruka relevante metodar for datainnsamling og statistisk analyse innan kosthalds- og ernæringsforsking på en sjølvstendig måte
  • Kan gjennomføra kostrettleiing, blant anna med bruk av relevante metodar innan pasientsentrerte konsultasjonsteknikkar, av brukarar, pasientar og pårørande i lærings-, meistrings- og endringsprosessar
  • Kan gjennomføra samhandling tverrfagleg, tverrprofesjonelt, tverrsektorielt og på tvers av verksemder og nivå, samt initiere til slik samhandling
  • Kan gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse:

Kandidaten..

  • Kan nytta sine kunnskapar og ferdigheiter til å gje kostråd til personar i ulike livsfasar og funksjonsnivå, samt befolkningsgrupper med særskilte kostvanar
  • Kan bidra med kompetanseheving innan ernæring hos andre yrkesgrupper i helsevesenet og offentleg forvaltning og til allmenheten
  • Kan nytta sine kunnskapar og ferdigheiter til å gjennomføra ernæringsbehandling i alle aldrar og livsfasar innan somatikk og psykisk helse
  • Kan nytta sine kunnskapar og ferdigheiter til å planlegga, gjennomføra og evaluera helsefremmande og førebyggande ernæringstiltak i ulike befolkningsgrupper
  • Kan bidra til fag- og kunnskapsutvikling innan ernæringsfaget, og bistå i forskingsprosjekt om samanhengen mellom kosthald, helse og sjukdom.
  • Kan tileigne seg ny kunnskap og foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis. Kandidaten skal også kunne dokumentera og formidla sin faglege kunnskap
  • Kan nytta sine kunnskapar og ferdigheiter i sjølvstendigfagutøving og prioritering av sine arbeidsoppgåver som klinisk ernæringsfysiolog
  • Kan formidla kunnskapsbasert praksis om kosthald og ernæring til pasientar, brukarar, pårørande og andre helseprofesjonar på en vitskapeleg, men lettforståeleg måte
  • Kan nytta sine kunnskapar og ferdigheiter til å jobba som klinisk ernæringsfysiolog i samsvar med akademisk standard og utvikla sin kompetanse innan klinisk ernæring

Opptakskrav

Opptakskravet til Masterprogram i klinisk ernæring er bachelor i ernæring frå UiB, UiT eller minimum dei tre fyste årene av femårig master i klinisk ernæring frå UiO, med minimum gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er studieplassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Alle søknader vert behandla individuelt.

Master i klinisk ernæring er eit norskspråkleg masterprogram med norskkrav. Søkjarane må derfor ha gode skriftleg og munnlege ferdigheiter i norsk og dei må kunne delta aktivt i undervising og gruppearbeid.

Sjå Opptak til 2-årige masterprogram | Utdanning | UiB for meir om opptakskrav.

Du søkjer opptak via søknadsweb. Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.

https://soknadsweb.uib.no

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er naudsynt for å kunne gjennomføre masterstudiet i klinisk ernæring.

Obligatoriske emne

Alle emne i programmet er obligatoriske. Dei fleste emna i studiet har obligatorisk undervisningsaktiviteter.

Lenkje til oversikt over emnar per semester: Oppbygging av masterprogram i klinisk ernæring.pdf (uib.no)

Tilrådde valemne

På master i klinisk ernæring er det elektiv periode i 2. semester. I elektiv periode kan studentar velje emnar etter interesse. For meir informasjon om elektiv periode: Elektiv periode i master i klinisk ernæring | Det medisinske fakultet | UiB

Rekkefølgje for emne i studiet

Emna må gjennomførast i fastset rekkjefølge. Det er ikkje mogleg å endra på utdanningsplanen eller rekkjefølgja på eksamenane utan førehandsgodkjenning. Sjå fakultetets utfyllande reglar til § 2-2 (2j), § 7-3 (2) og § 8-2 (3) i UiBs studieforskrift.   

Dersom ein student manglar bestått resultat i eit emne etter at det er gjennomført ordinær eksamen og tilhøyrande kontinuasjonseksamen, blir studenten flytta ned til kullet under. 

Dette gjeld òg om studenten manglar godkjend undervisningsaktivitet og dermed ikkje får gå opp til eksamen i emnet (sjå §6.6 (2) i utfyllande reglar).

Delstudium i utlandet

Det er moglegheiter for å dra på utveksling på ernæringsstudiet, både gjennom avtaler på studieprogrammet og gjennom sentrale avtaler ved UiB. Ta kontakt med studierettleiar for å høgre meir om kva ordningar som finst. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil vere ein kombinasjon av forelesingar, kliniske demonstrasjonar, pasientintervju/-samtaler, klinisk praksis, gruppearbeid, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og ei masteroppgåve.

Vurderingsformer

For å sikre at studentane har nødvendige kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse gjennomførast det ulike vurderingsformar gjennom hele studieløpet:

  • Skriftleg skuleeksamen
  • heimeeksamen
  • munnleg eksamen
  • obligatorisk deltaking
  • oppgåveinnlevering

Dei fleste emna har digital vurdering.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført. Vitnemål gir rett til å søkje Helsedirektoratet om autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. 

Karakterskala

Emna som inngår i studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F) eller bestått/ikkje bestått.

Grunnlag for vidare studium

Studentar kan etter fullført mastergrad i klinisk ernæring søkje seg vidare til doktorgradsstudie.

Relevans for arbeidsliv

Masterstudiet i klinisk ernæring gir grunnlag for autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. Ein klinisk ernæringsfysiolog kan forebygge, greie ut, diagnostisere og behandle ernæringsrelaterte sjukdomar. Kliniske ernæringsfysiologer har også kompetanse til kritisk å vurdere, formidle og utvikle kunnskap om ernæring.

Ein klinisk ernæringsfysiolog kan for eksempel jobbe innan spesialist- og primærhelsetenesta. Andre arbeidsstadar kan være, universitet og høgskole, internasjonale organisasjonar, forskingsinstitutt og offentleg og privat sektor.

Mastergraden kvalifiserer til opptak ved PhD-utdanning som fører fram til doktorgrad.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Som utdanningsinstitusjon vurderer vi om kandidaten er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning: Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning - Lovdata

Fullført studium kvalifiserer for søknad om autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog. Autorisasjon blir gitt av Helsedirektoratet.

Programansvarleg

Programutval for ernæring har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studie og kvaliteten på studieprogrammet.

Masterprogrammet i klinisk ernæring er eit helsevitskapleg masterprogram med klinisk retning knytt opp mot forskingsmiljø ved ulike institutt ved Det medisinske fakultet og Haukeland Universitetssjukehus.

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med informasjonssenteret ved Det medisinske fakultet, dersom du har spørsmål.