Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Frå den tidlege vikingtida til slutten av mellomalderen delte Noreg, Island og Vesterhavsøyane éin språkleg og litterær kultur. Norrøn filologi er studiet av dette språket, dei skriftlege kjeldene og kulturen dei spring ut av.
Den norrøne litteraturen er spennande – der møter du skaldedikt frå vikingtida, eddadikt om nordiske gudar og heltar, islandske soger om norske kongar og feidar til islandske stormenn. På dette programmet lærer du å arbeide med norrøne tekstar på originalspråket, og ta kritisk stilling til innhaldet i tekstane slik dei ein gong låg føre. Du lærer å lese, tolke og bruke norrøne kjelder, og du får grundig kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i norrøn tid. Du får dessutan kunnskap om norsk, og delvis europeisk, mellomalderkultur.
Nokre av spørsmåla vi studerer er:
Bachelorprogrammet i norrøn filologi er eit fulltidsstudium med forelesingar, seminar, kollokvium og sjølvstudium. I det norrøne fagmiljøet er det god kontakt mellom studentar og tilsette, og studentane deltar i konferansar, ekskursjonar og andre faglege arrangement. Miljøet har god kontakt både med samlingar og museum i byen, og sterke internasjonale nettverk. Du vil møte internasjonale forskarar i faget og få undervisning med tema og metodar frå aktuell forsking. I norrøn filologi har vi eit aktivt fagutval som jobbar for at du skal trivast som student både fagleg og sosialt.
Norrøn filologi inngår i det større forskingsfeltet middelalderstudium som har stor aktivitet i Bergen.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
Med denne utdanninga har du god tekst- og analysekompetanse. Innsikt i språk, litteratur og kultur frå norrøn tid opnar mange karrierevegar, mellom anna ved kulturinstitusjonar og lærestader, i media og reiseliv.
Miljøet har stort fokus på å sette deg i kontakt med moglege framtidige arbeidsgjevarar. Utdanninga er mellom anna relevant for arbeid i:
På studiet får du individuell oppfølging med tanke på karrieremoglegheiter.
Les intervju med tidlegare studentarDu må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Bachelorprogrammet i norrøn filologi er eit treårig studium. Oppstart er i august.
Studiet kan sjå slik ut:
1. semester
Examen philosophicum, anten seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
Språkkunnskap (10 studiepoeng)
Innføring i nordistikk (10 studiepoeng)
2. semester
Norrønt språk (15 studiepoeng)
Norrøn mytologi (5 studiepoeng)
Norrøn sagalitteratur (10 studiepoeng)
3. semester
Norrøn prosa (15 studiepoeng)
Norrønt handskriftstudium og runologi (5 studiepoeng)
Norrøn dikting (10 studiepoeng)
4. semester
Norrøn filologi, særemne (15 studiepoeng)
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB (15 studiepoeng)
5. semester
Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB (15 studiepoeng)
6. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller dra på utveksling (30 studiepoeng)
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda, og norrøn filologi samarbeider med mange internasjonale universitet. For deg som tar norrøn filologi kan det for eksempel vere interessant å reise til Tyskland.
Etter bachelorgraden kan du søke deg til UiB sitt masterprogram i norrøn filologi. Mange andre universitet i inn- og utland tilbyr òg masterprogram i norrøn filologi eller relevante fag som nordistikk, mellomalder- eller renessansestudium.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.