Norrøn filologi bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- NOFI250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
NOFI250 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.
Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei oppnår på andre NOFI-kurs. Emnet høver såleis for studentar som vil halde fram med eit masterstudium i norrøn filologi.
Vidare er målet med dette emnet at studenten skal få øving i å skrive eit sjølvstendig vitskapleg arbeid med rettleiing av faglærar. Bacheloroppgåva skal gje motivasjon for eit vidare studium på masternivå.
Kurset rettar seg mot både bachelor- og masterstudentar, og det kan tas med fleire kurskodar. Desse har til felles at studentane skal skrive ei heimeoppgåve: i NOFI250 ei bacheloroppgåve, i NOFI210 og NOFI300 ei semesteroppgåve, og i NOFI302 ein heimeeksamen. I NOFI303 er det ein presentasjon (20-25 minutt) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.
Tema 2025: Food Stories
Om tema for haustsemesteret 2025:
Vi vil utdjupa vår forståing av forholdet mellom norrøn litteratur og matkulturane i Skandinavia, Island og andre delar av Europa under mellomalderen. Kva kan ulike kjelder frå mellomalderen og tidleg moderne tid fortelja oss om mattradisjonar og endringar i dei? Korleis reflekterer og interagerer desse med andre område innan dei respektive kulturane?
Vi vil ta for oss dette tverrfaglege feltet hovudsakeleg ut frå vår spesialkompetanse, som i hovudsak er skriftlege og litterære kjelder. I løpet av kurset vil vi lesa eddadikt og skaldedikt, sagaer tilhøyrande ulike sjangrar og mellomalderleg sakprosa. Tema vil t.d. omfatta myten om skaldemjøden, mellomalderleg medisin og ernæringslære, matsymbolikk og bordskikk. Vi vil bruka ulike metodiske tilnærmingar og få opplæring i å gjennomføra sjølvstendig forsking på norrøne og andre mellomalderkjelder.
Avhengig av deltakarane sin entusiasme og høve til å avsetja tid, kan vi ev. i tillegg til kursprogrammet også dra på korte utflukter og prøva oss på mellomalderleg matlaging.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Ein student som har teke eksamen i NOFI250
- har fått ei djupare innføring i eit norrønfilologisk tema, der det blir lagt vekt på kjennskap til og bruk av primær- og sekundærlitteratur som er sentral for temaet
- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset
- har innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling
- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand
- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur
- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling
- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form
Generell kompetanse
Studenten
- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg
- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse
- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt
- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar og rettleiing av faglærar på bacheloroppgåva.
Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.
Undervisninga i NOFI250 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i NOFI210, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 300-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.
2) Ein kort presentasjon (15-20 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.
3) Arbeid med bacheloroppgåva:
a) Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram til denne.
b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering. Denne fristen blir kunngjord på Mitt UiB.
c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Ei rettleidd bacheloroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.
Studenten vel tema for bacheloroppgåva i samråd med faglærar. Omfanget av oppgåva skal vere på 17-23 sider (34 000-46 000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.
Bacheloroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.
Etter at bacheloroppgåva er vurdert, blir det halde ein munnleg eksamen. Denne prøva er ein diskusjon omkring bacheloroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.
Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.
Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.
Dersom studenten ikkje leverer bacheloroppgåva eller stryk på denne, kan han eller ho ikkje møte til munnleg eksamen.
Det er ikkje høve til å bruke bacheloroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for bacheloroppgåva i det aktuelle semesteret.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
NOFI250 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekster i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.
Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juli for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane få tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk.
Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Under arbeidet med bacheloroppgåva har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.
Under den munnlege prøva er ingen hjelpemiddel tillatne.