Norrøn filologi spesialisert emne II
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- NOFI302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Undervisninga gjevast på engelsk, norsk, dansk, svensk etter behov og i samråd med studenten. For vurderinga sjå nedanfor.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
NOFI302 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.
Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.
Kurset rettar seg mot både bachelor- og masterstudentar, og det kan tas med fleire kurskodar. Desse har til felles at studentane skal skrive ei heimeoppgåve: i NOFI250 ei bacheloroppgåve, i NOFI210 og NOFI300 ei semesteroppgåve, og i NOFI302 ein heimeeksamen. I NOFI303 er det ein presentasjon (20-25 minutt) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.
Ms 1491 — eit islandsk sagamanuskript
Emnet tek for seg sagahandskriftet Ms 1491 i Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Ifølgje katalogen vart handskriftet truleg produsert kring 1700 og inneheld sju soger av ulike sjangrar.
Med dette handskriftet som konkret døme vil studentane øve på å lese tekstar i originalspråket og transkribere utdrag, samt utvikle litterære perspektiv på manuskriptet og innhaldet.
Vi vil arbeide med praktisk relevante tema og arbeidsmetodar som katalogisering, handskriftlysing, transkribering og litteraturgjennomgang. I samarbeid med Spesialsamlingane vil vi òg ta opp aspekt som t.d. handsaming, konservering og medialisering av manuskript og anna arkivmateriale, og vi vil jobbe med ulike former for medialisering (utstillingar og digitale format).
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten
- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset
- har god forståing av temaet i forhold til andre tema i norrønfilologien
- har god innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast skriftleg
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling
- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand
- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur
- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling
- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg
- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse
- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt
- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar
Undervisninga på masternivå blir organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Det blir venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.
Undervisninga i NOFI302 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i andre NOFI-kurs på 300-nivå, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 200-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.
2) Ein presentasjon (20-25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.
Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Heimeeksamen.
Heimeeksamen på 7 dagar. Oppgåva skal ha eit omfang på 10-14 sider (20 000-28 000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk, islandsk eller tysk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
NOFI302 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.
Ei fullstendig litteraturliste blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juli for det påfølgjande haustsemesteret.
Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.