Samfunnsøkonomi (master)
Ein mastergrad i samfunnsøkonomi gir ei solid fagleg fordjuping. Du får inngåande kunnskap om både økonomisk teori og empiriske metodar, og utviklar kompetanse i å gjere sjølvstendige samfunnsøkonomiske analysar.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 27
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Med denne utdanninga får du kunnskap som bidrar til at samfunnet kan bruke ressursane sine på ein effektiv og berekraftig måte. Det viktigaste du lærer er å
- analysere økonomiske prosessar og verknader av økonomisk politikk
- bruke avanserte matematiske og statistiske metodar
- gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt
Med ei brei forståing av tal, analyse og økonomiske samanhengar, blir du godt rusta til å møte arbeidslivet.
Studiekvardag
Som masterstudent i samfunnsøkonomi blir du del av eit godt studentmiljø. Instituttet har eigne lesesalplassar og grupperom for masterstudentane.
Undervisninga og litteraturen i emna er på norsk og engelsk. Du bruker ca. ti timar i veka på undervisningsaktivitetar som forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. Ut over dette utgjer sjølvstudium ein stor del av studiekvardagen.
Ved instituttet er det sterke fagmiljø, og vi tilbyr innovative valemne. Det er forventa at du tar aktivt del i undervisninga. Du får god kontakt med og oppfølging frå dei som jobbar her.
Når du skal skrive masteroppgåva, får du tilgang til ein prosjektkatalog med eit stort utval av tema. Prosjektskissa leverer du inn i slutten av andre semester på masterstudiet. På bakgrunn av prosjektskissa di får du tildelt rettleiar. Deretter skjer rettleiinga i samband med Førebuingsemne og Masteroppgåva.
Kva kan du jobbe som?
Samfunnsøkonomar er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Du kan rekne med godt betalte og utfordrande analysejobbar innan ei rekke ulike bransjar:
- Departement, direktorat, Norges Bank, Statistisk sentralbyrå, kommune og fylkeskommune og andre delar av offentleg forvaltning
- Privat næringsliv som bank, konsulentbransjen, oljebransjen eller industri
- Forsking og undervisning
- Konsulentselskap innan analyse og utgreiing
- Nasjonale organisasjonar som LO, NHO
- Utanrikstenesta og internasjonale organisasjonar som EU, FN, OECD
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:
- samfunnsøkonomi
- informatikk-matematikk-økonomi (må inkludere ECON230, ECON290A / ECON290B)
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- samfunnsøkonomi frå UiO, NTNU
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i samfunnsøkonomi, med minimum 15 studiepoeng i mikroøkonomi, 15 studiepoeng i makroøkonomi, 7.5 studiepoeng i matematikk og 15 studiepoeng i statistikk/økonometri.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Mastergradsstudiet i samfunnsøkonomi er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
1. semester
ECON310 – Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
ECON330 – Makroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
ECON340 – Økonometri I (10 studiepoeng)
2. semester
Valemne i samfunnsøkonomi på masternivå (30 studiepoeng)
Les meir om dei tilrådde fagprofilane i samfunnsøkonomi
3. semester
ECON380 – Førebuingsemne for masteroppgåva (10 studiepoeng)
Valemne i samfunnsøkonomi på masternivå (20 studiepoeng)
4. semester
ECON391 – Masteroppgåve (30 studiepoeng)
Utveksling
Vi anbefaler deg å reise på utveksling i andre semester. På utveksling får du sjansen til å studere økonomifag ved ein annan europeisk utdanningsinstitusjon av høg kvalitet. Instituttet har fleire spennande utvekslingsavtalar i blant anna Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal, Spania.
Vidare studiemoglegheiter
Etter at du har tatt mastergraden i samfunnsøkonomi, kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.). Dette gjer deg endå meir attraktiv på arbeidsmarknaden, ikkje minst dersom du ønsker å gå vidare innan akademia eller forsking.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.