Økonometri I
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ECON340
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Kurset har som mål å gje ei fordjuping i økonometri og er eit sentralt grunnlag for avansert empirisk arbeid.
Kurset tek for seg lineære regresjonsmodellar, paneldatamodellar, diskrete valmodellar og modellar med vekt på kausalitet. Det blir lagt særleg vekt på at økonomiske data som oftast er ikkje-eksperimentelle, og kva konsekvensar dette har for konklusjonane ein kan trekkje. Både teoribakgrunn og praktiske døme blir gjennomgått. Kurset gir og aktiv bruk av bruk av økonometrisk programvare, som R/RStudio eller Stata.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Kunne gjennomføre analysar av økonomiske data basert på solid kjennskap til lineære og ikkje-lineære regresjonsmodellar for både tverrsnitts- og paneldata
- Forståing for kausalitetsbegrepet i ein empirisk samanheng og korleis ulike data og modellspesifikasjonar kan brukast for kausal estimering
- Grunnleggjande kunnskap om korleis ein oppdagar og handterer brot på føresetnadane for MKM, som til dømes utelatne variablar, seleksjon, heteroskedastisitet og seriekorrelasjon
Ferdigheiter
- Grunnleggjande bruk av statistikkprogram som R eller Stata til empiriske analysar
- Estimering og testing med lineære og ikkje-lineære modellar for ulike typar data
- Rapportering og tolking av regresjonsresultat
Kompetanse
- Evne til å lese og kritisk diskutere empiriske artiklar
- Evne til sjølv å gjennomføre grundige empiriske analysar med vekt på kausal tolking
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjend innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding for studentar på ITØK-programmet.
For studentar i det regulære masterprogrammet er den same innleveringsoppgåva frivillig.
For dei det gjeld kan obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.