Anvendt økonometri

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tar opp ulike tema innanfor økonometri og empirisk medote med spesiell fokus på regresjonsanalyse. Studentane blir trena i empirisk analyse og bruk av data som støtte for avgjersler. Innhenting, analyse og tolking av økonomiske data står i fokus.

Emnet dekkjer tema som ikkje-parametrisk statistikk, lineær og ikkje-lineær regresjon med ein og fleire variablar, hypotesetesting av statistiske størrelsar, samt prognosar med tidsseriemodellar. Emnet vil også dekke tema som validitet, målefeil, utelatne variablar og seleksjonsskjeivheit, og i detalj diskutera kausalitetsbegrepet i empiriske analysar. Det vert utstrakt bruk av statistikkpakkar til innhenting og tilrettelegging av data, estimering og simulering, samt presentasjon av data med tabellar og figurar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Har grunnleggjande kunnskap om hypotesetesting og statistiske størrelsar
  • Har inngåande kjennskap til regresjonsmodellar og tolking av resultata frå desse
  • Har inngåande kjennskap om programvare for analyse av data
  • Har kunnskap om seleksjon, utelatte variabler, målefeil og kausalitetsomgrepet
  • Har kunnskap om ulike typer data brukt i regresjonsanalysar
  • Har kunnskap om ulike måtar å visualisere data på og tolke grafiske presentasjonar

Ferdigheiter

  • Grunngje val av økonometrisk metode som passar best i ein realistisk problemstilling, for deretter å gjere bruk av metoden
  • Kunne innhente ulike typer data og lage deskriptiv statistikk ved hjelp av både numeriske og grafiske metodar, i aktuell programvare
  • Skilje mellom korrelasjon og kausalitet i empiriske problemstillingar ved bruk av regresjonsmodellar
  • Tolke og presist beskrive resultatet av ein økonometrisk analyse
  • Bygge ein empirisk modell ved hjelp av variable og funksjonell form for å kunne løyse bestemte problem
  • Identifisere enkle tidsrekkemodellar og lage prognoser både med regresjonsanalyse og grafiske verktøy

Kompetanse

  • Kunne tolke og kritisk vurdere ein empirisk analyse basert på økonometriske metoder
  • Kjenne ulike data for empirisk analyse
  • Være i stand til å lese og forstå prosjektrapportar og forskingsartiklar som brukar metodane i emnet
  • Kjenne igjen empirisk argumentasjon i samfunnsdebatten og nyhetsbildet, og kritisere metodevalg, utførelse og fortolkning
  • Ha ein god bakgrunn for å gjera meir avanserte analyser seinare i studiet

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
STAT111: 5 sp, STAT200: 5 sp, ITØK204: 7 sp
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminarundervisning og datalab.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

To godkjende innleveringsoppgåver.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.