Tysk (master)

På masterprogrammet i tysk får du oppleve og utforske dei tysktalande landa. Du får etterspurt undervisingskompetanse og eit solid grunnlag for arbeid i næringslivet eller kulturformidling med fokus på det tyskspråklege Europa.

Kva lærer du?

Med mastergrad i tysk kan du synleggjere informasjon frå tyskspråklege kulturar og gjere kulturen meir tilgjengeleg for eit norsk publikum. Du kan også fremme kommunikasjonen mellom Noreg og tyskspråklege land.  

På masterprogrammet i tysk får du grundig innsikt i sentrale tema innan tysk lingvistikk og tyskspråkleg litteratur, og du vidareutviklar språkferdigheitene dine i moderne tysk, både munnleg og skriftleg.  Samtidig utviklar du evna di til å reflektere kritisk over sentrale problem i teoriar og metodar. 

Det andre året av programmet brukar du til å skrive masteroppgåva (60 studiepoeng). Du får individuell rettleiing gjennom heile forskings- og skriveprosessen.  

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg forskingsprosjekt om eit tema du vel frå ein av disiplinane i programmet:   

  • litteratur  
  • kultur  
  • lingvistikk  
  • fagdidaktikk 
Studiekvardag

Som student oppheld du deg mykje i HF-bygget, hovudbygninga til Det humanistiske fakultet. Her jobbar du side om side med andre masterstudentar og kan søke om din eigen lesesalsplass.  

Gjennom ei vanleg veke møter du som oftast på to-tre forelesingar og bruker resten av tida til sjølvstudium, aleine eller saman med andre studentar. Dette varierer frå semester til semester. Eit par gongar i semesteret møtest studentar og tilsette til felles lunsj, gjerne med små innslag og aktivitetar.    

Som student hos oss  har du det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di – det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som?

Ein mastergrad i tysk kvalifiserer deg for jobbar i både privat og offentleg sektor.   

Våre tidlegare studentar jobbar innan  

  • undervisning – både i utlandet og i Noreg 
  • omsetting 
  • media 
  • turist- og servicenæringa 
  • eksportindustrien 
  • offentleg administrasjon, for eksempel  i kommune og stat 
  • forsking 

Du får kompetanse til å handtere kommunikasjonsproblem, overvinne kulturelle skilnader og bruke ei analytisk tilnærming til informasjon.  

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk, engelsk og tysk

Undervisningsspråket er tysk.

Studiets oppbygging

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.  

1. semester  

Tysk språk- og litteraturvitskap (15 studiepoeng) 

Masteremne i tysk språkvitskap (15 studiepoeng) 

eller 

Masteremne i tyskspråkleg litteratur (15 studiepoeng) 

2. semester  

Moderne tysk språk og litteratur (15 studiepoeng) 

Litteratur, interpretasjon og omsetting (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester   

Skrive masteroppgåva under rettleiing 

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Du vel eit tema frå fagområda litteratur, kultur, lingvistikk eller fagdidaktikk (som òg kan inngå i programmet, særleg viss du planlegg å utdanne deg til lærar). Du kan velje blant ei rekke ulike forskingsemne. Dersom du ønsker å skrive om eit tema du er spesielt interessert i, men som skil seg frå dei tradisjonelle forskingsemna, blir det vanlegvis godkjent. Du planlegg og utviklar prosjektet i samarbeid med rettleiaren din.  

Utveksling

Du kan velje å gjennomføre ditt andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partnaruniversiteta våre i Tyskland, Austerrike eller Sveits. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein master i tysk kan du søke på ph.d.-stillingar. Les meir om ph.d.-utdanning ved Det humanistiske fakultet.

Etter at du har fått mastergrad kan du søke opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Tysk er eit skolefag,og med ei slik utdanning kan du jobbe som lærar på ungdomsskole og vidaregåande skole.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@hf.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i tysk