Undersøkende journalistikk (master)

På masterprogrammet i undersøkande journalistikk får du jobbe med å avdekke kritikkverdige forhold i samfunnet ved å gjennomføre eit granskande og langsiktig journalistisk prosjekt.

Kva lærer du?

På dette masterprogrammet skal du produsere eit sjølvstendig journalistisk publiserbart graveprosjekt, samtidig som du arbeider med analytiske problemstillingar. Produksjonen av graveprosjektet kan gjerast i samarbeid med ei eller fleire mediebedrifter under rettleiing av fagmiljøet.

Undersøkande journalistikk er eit felt i vekst, og studentar med denne utdanninga er attraktive for næringslivet. Gravejournalistikk blir mykje lesen, sett og høyrt i nyheitsmedia, men krev spesialisert kompetanse å produsere.

I løpet av studieprogrammet lærer du å utvikle, gjennomføre og vurdere avanserte journalistiske arbeidsoppgåver og prosjekt som granskar komplekse tema. Du lærer òg korleis du kan bidra til nytenking og innovasjon på fagfeltet.

Studiekvardag

Undervisninga finn stad i Media City Bergen (MCB), ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medieselskap som TV 2, NRK, Bergens Tidende og Bergensavisen, samt ei rekke medieteknologiselskap. Dette gir deg ein unik nærleik til mediebransjen.

Du blir del av eit stort fagmiljø og får delta i workshops med topp kvalifiserte undervisarar, journalistar og mange gjester utanfrå. Du får jobbe tett med ulike fagmiljø og med andre studentar i ei lita, engasjert gruppe med journalistikkstudentar.

Undervisninga består av workshops, seminar, forelesingar og rettleiing, men i stor grad vel du sjølv korleis du legg opp arbeidsdagane dine.

Som student kan du bli med i ei forskargruppe. Du får tilgang på delt arbeidsplass i Senter for undersøkande journalistikk på MCB. Du kan òg søke om fast lesesalplass ved Institutt for informasjons- og medievitskap på SV-fakultetet.

Kva kan du jobbe som?

Kompetansen du får i dette masterprogrammet gjer deg ettertrakta i ein pressa jobbmarknad i mediebransjen og kan vere avgjerande for om du får fast tilsetting.

  • Du kjem til å lære å analysere store datamengder og bryte ned komplekse problemstillingar
  • Vidare vil du lære engasjerande historieforteljing og digitale presentasjonsteknikkar

Dette vil gjere deg rusta til å fylle ei rekke roller innan ulike fagmiljø og yrke, som journalist, kommunikasjonsrådgjevar, forskar/researchar og etterforskar.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søknadsfrist er 15. april.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Første semester: 

UJO301 Gravejournalistikken sitt grunnlag (30 studiepoeng)

Andre semester:

UJO304 Prosjektdesign (30 studiepoeng)

Tredje og fjerde semester:

UJO350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Masterprosjektet består av ein produksjonsdel og ein teoretisk del. Du utviklar dine eigne idear til både produksjonen og den analytiske oppgåva i undersøkande journalistikk. Det vert lagt stor vekt på kvalifisert idéutvikling, både praktisk og teoretisk. Til det får du tett oppfølging av rettleiarane dine.  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikke mulig å dra på utveksling ved dette programmet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad kan du òg søkje opptak til forskerutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 64
E-post: studierettleiar.mcb@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i undersøkende journalistikk