5-årig lektorutdanning

Ønskjer du ein jobb kor du arbeider med menneske samtidig som du brukar fagkompetansen din? Ønskjer du å kunne gjere ein forskjell for ungdom i skulen? Då er lektorutdanninga vår noko for deg.

Bilde
Illustrasjonsbilde: To mannlige studenter står med en Mac og prater sammen

Om studiet

Gjennom studiet får du undervisningskompetanse i to undervisningsfag og du tek master i eitt av dei. Du får eit solid faggrunnlag i begge faga og du lærer kritisk refleksjon rundt både fag, undervisning og læring. Ein viktig del av utdanninga er også faga pedagogikk (korleis å lære bort og oppdrar) og fagdidaktikk (djupare refleksjon om faget og korleis du underviser i faget) i tillegg til 100 dagar praksis i skulen. 

Praksisperiodane er delt opp i to korte og to lengre periodar kor du gradvis får prøvd og øvd deg som lærar. Du vil få praksis i både ungdomskulen og i og vidaregåande skule. 

Her kan du lese om praksis i lektorutdanninga.

Fagkombinasjonar du kan velje mellom

Søkjer du lektorprogrammet i historie eller religionsvitskap, framandspråk (engelsk, tysk, fransk eller spansk), nordisk (norsk) eller sosiologi (samfunnsfag), skal du velje du ditt andre undervisningsfag (fag 2) i slutten av første studieår. Du kan velje mellom følgande fag: 

  • historie
  • religionsvitskap
  • fransk
  • tysk
  • spansk
  • engelsk
  • nordisk (norsk)
  • sosiologi (samfunnsfag)
  • politikk og forvaltning


Søkjer du lektorprogrammet i realfag, vel du fagkombinasjon ved studiestart. Du kan velje mellom følgande fagkombinasjonar:

  • matematikk og fysikk
  • kjemi og matematikk
  • biologi og matematikk
  • biologi og kjemi
  • matematikk med naturfag som fag 2

Utveksling og praksis i utlandet

Du kan reise på utveksling i løpet av studiet. UiB har avtalar med ei rekke universitet i Europa og elles i verda. Eit utvekslingsopphald vil gi deg fagleg, kulturell og språkleg erfaring som du kan bruke i klasserommet. Du vil få hjelp med planlegginga. 

Kvart år er det og nokre studentar som får anledning til å ha ein praksisperiode i utlandet, nærare bestemt i Cape Town (Sør Afrika), Rojales (Spania) og Rouen (Frankrike).

Sist oppdatert: 07.04.2025