Val av fag 2 i lektorutdanninga

Gjennom lektorstudiet får du kompetanse til å undervise i to fag. Her finn du nyttig informasjon før du skal velgje ditt andre undervisningsfag (fag 2).

Kven skal velgje fag 2?

Er du student ved lektorprogramma i nordisk, sosiologi, framandspråk, historie eller religion, må du velgje ditt andre undervisningsfag i løpet av ditt andre semester. 

Er du lektorstudent i realfag har du allereie valt fagkombinasjon frå første studieår. 

Kva bør du tenke på når du skal velgje fag 2?

Når du skal velgje ditt andre undervisningsfag kan det vere lurt å tenke gjennom:

Kva fag er eg motivert for å undervise i?

Det er ein fordel at du har interesse for faget ditt om du skal bli ein god lærar. Kva fag synes du verkar interessante? Kva sterke sider har du og korleis kan du få brukt desse gjennom faget du vel? 

Dersom du ønskjer å undervise i eit tredje fag, kan du ta eit årsstudium etter at du er ferdig med lektorstudie. Du treng ikkje ta fagdidaktikk i fag du tek etter lektorutdanninga.

Kva har fagvalet å seie for jobbmoglegheitene mine som lærar?

I skulen er det fag som har meir og mindre undervisningstimar. T.d. har fellesfaga norsk, engelsk og matematikk, fleire undervisningstimar enn andre. Dersom du vel to fag med få undervisningstimar, kan det vere utfordrande å fylle ei heil stilling på same skule. 

Det er også forskjell på faga mellom ungdomsskulen og vidaregåande skule. T.d. er historie og samfunnsfag eitt og same fag i ungdomsskulen. 

For å sjå timetalet på ulike fag i skulen kan du gå inn på Utdanningsdirektoratet sine nettsidar (ekstern lenke).  Du kan også gå inn på vilbli.no (ekstern lenke) for å få oversikt over timefordelinga til faga i vidaregåande skule. 

Det er også viktig å hugse på at arbeidsmarknaden er ulik, avhengig av kvar i landet du vil søke jobb. Samfunnet er i stadig endring og behovet i skulen vil også endre seg over tid.   

Når og korleis vel du fag 2?

Val av fag 2 blir gjort via vegval i utdanningsplanen i Studentweb (ekstern lenke) innan 1. februar i ditt 2. semester. Du skal velgje to moglege fag 2 i prioritert rekkefølge. For samfunnsfaga sosiologi og politikk og forvaltning, som fag 2, er det et avgrensa tal på studieplassar.

Kva fag 2 kan du velgje?

Du kan velgje fritt kva fag 2 du ønsker, men dersom du går på lektorprogrammet i sosiologi kan du ikkje velgje politikk og forvaltning.

Fag du kan velgje mellom

Engelsk

Kva lærer du?

Ved å ta engelsk som fag 2 får du studere engelsk grammatikk og uttale og du får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket. Du lærer du også om engelsk språk, litteratur og kultur og du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda.

Ved å tolke ulike tekstar får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i bl.a. USA og Storbritannia. 

Kva kan du undervise i?

Med val av engelsk som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i engelsk på både ungdomsskule og vidaregåande skule:  

  • Engelsk (Ungdomstrinnet)
  • Engelsk (Fellesfag, VGS)
  • Engelsk 1 og  Engelsk 2 (programfag, VGS)

Emnetilbod:

Vil bli oppdatert.  

Fransk

Kva lærer du?

Fransk er eit av dei viktigaste språka i verda, og mengda fransktalande menneske er forventa å auke. Dagens fleirkulturelle og internasjonale samfunn treng fleire franskkunnige. Kunnskap om andre språk og kulturar styrkjer tverrkulturell forståing og internasjonalt samarbeid.

Med fransk som fag 2 får du kunnskap om det franske språket og den franskspråklege kultursfæren. Du lærer deg også å bruke språket til kritisk refleksjon, utover det reint kommunikative.

Undervisinga går føre seg på norsk og fransk og det er ein fordel at du har  forkunnskapar i språket, som f.eks. fransk frå vidaregåande skule.

Kva kan du undervise i?

Med val av fransk som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i fransk på både ungdomsskule og vidaregåande skule.

Emnetilbod:

Vil bli oppdatert.

Historie

Kva lærer du?

Historiefaget er breitt og handlar om både politikk, kultur og samfunnsutvikling i Noreg og i resten av verda i eldre og moderne tid. Du får innsikt i dei store linjene, i tillegg til å lære om spesialfelt som til dømes migrasjonshistorie, kvinne- og kjønnshistorie, økonomisk historie og vitskapshistorie.

Kva kan du undervise i?

Med historie som fag 2 får du undervisingskompetanse i følgjande fag:

  • Samfunnsfag (ungdomstrinnet)
  • Historie (Fellesfag, VGS)
  • Historie & filosofi (Programfag, VGS) 

Emnetilbod:

HIS120 (5 stp), eitt av emna HIS108HIS115HIS116 (15 stp), HIS101 (15 stp), HIS102 og HIS250L (10 stp) 

Nordisk (norsk)

Kva lærer du? 

Nordisk-studie tar for seg litteratur og språk frå både eldre og nyare tid. Du lærer om korleis dei nordiske språka har utvikla seg, om moderne norsk språk og ulike språklege fenomen. Du lærer også om samanhengen mellom språk og samfunn. Du får ei brei innføring i dei mest sentrale verka i nordisk litteratur. Du lærer om dei litterære sjangrane og den litteraturhistoriske utviklinga frå sagalitteratur til samtidslitteratur. I tillegg lærer du å tolke og analysere litterære tekstar.

Kva kan du undervise i? 

Med val av nordisk som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i norsk på både ungdomstrinnet og på vidaregåande skule:

  • Norsk (Ungdomstrinnet)
  • Norsk (Fellesfag, VGS)

Emnetilbod:

Vil bli oppdatert.

Politikk og forvaltning (samfunnsfag)

Kva lærer du? 

Med politikk og forvaltning som fag 2 lærer du eit spesialisert statsvitskapleg fag og eit samanliknande studium av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus er særleg retta mot utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Viktige tema er det normative grunnlaget for teoriane, korleis dei blir utvikla og endra, og kva for verknad dette har. I 5. og 7. semester får du opplæring i samfunnskunnskapsdidaktikk, som gir deg kunnskap og ferdigheiter i å undervise i samfunnskunnskap/samfunnsfag.

Kva kan du undervise i? 

Med val av politikk og forvaltning som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i samfunnsfaga på ungdomstrinnet og i samfunnskunnskap på vidaregåande skule:

  • Samfunnsfag (Ungdomstrinnet)
  • Samfunnskunnskap (Fellesfag, VGS)
  • Sosiologi og sosialantropologi (Programfag, VGS)
  • Sosialkunnskap (Programfag, VGS)
  • Politikk og menneskerettar (Programfag, VGS)

Emnetilbod:

GOV100 (20 sp), GOV112 (10 sp), GOV113 (10 sp), MET103 (10 sp), SAKDI100 (10 sp) og GOV251 (10 sp) 

Religionsvitskap

Kva lærer du?

Milliardar av menneske identifiserer seg med ein religion. Religion er vevd inn i kunst og politikk, arbeidsliv og krigføring, økonomi og lovgiving, etikk og underhaldning. Du studerer sentrale tema frå dei store verdsreligionane og frå historiske religionar i Europa og Midtausten som er viktige for våre kulturforståingar.

Med religionsvitskap som fag 2 får du:

  • kunnskap om ulike religionar både historisk og i samtida vår
  • innsikt i sentrale religionsvitskaplege spørsmål, omgrep og teoriar

Tilnærminga er samanliknande og religiøst nøytral.

Kva kan du undervise i?

Med val av religionsvitskap som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i KRLE på ungdomsskulen og i religion og etikk på vidaregåande skule.

Emnetilbod:

RELV103 (15 stp), RELV107 (5 stp), RELV101 (15 stp), RELV105 (15 stp), 

RELDI100 (10 stp), RELVI250L (10 stp)

Sosiologi (samfunnsfag)

Kva lærer du?

Studentar som vel sosiologi som fag 2 får ei brei opplæring i faget si teoritradisjon, metode og nasjonal og global samfunnsutvikling med fokus på økonomiske, politiske og sosiale utviklingstrekk. I tillegg får studentane fordjupe seg i eit av instituttet sine største forskingsfelt, velferd og ulikskap, utføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling gjennom arbeidet med bacheloroppgåva og bli skolert i samfunnskunnskapsdidaktikk i 5. og 7. semester.

Kva kan du undervise i?

Med val av sosiologi som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i samfunnsfaga på ungdomstrinnet og i samfunnskunnskap på vidaregåande skule: 

  • Samfunnsfag (Ungdomstrinnet),
  • Samfunnskunnskap (Fellesfag, VGS),
  • Sosiologi og sosialantropologi (Programfag, VGS),
  • Sosialkunnskap (Programfag, VGS),
  • Politikk og menneskerettar (Programfag, VGS)

Emnetilbod:

SOS100B (10 sp), MET104 (10 sp), SOS121 (10 sp), MET103 (10 sp), valemne i sosiologi (10 sp), SAKDI100 (10 sp) og SOS204 (10 sp)

Spansk

Kva lærer du?

Med spansk som fag 2 får du studere og tileigne deg kunnskap om sentrale tema og problemstillingar i Latin-Amerika, i tillegg til å øve opp dine praktiske ferdigheiter i spansk språk. Du får kunnskap om og moglegheit til å arbeide med prosessar og metodar innan spansk og latinamerikansk språk, historie, litteratur og kultur. 

All undervisning går føre seg på spansk. Difor anbefaler vi søkarane å ha eit språknivå på minimum A2.

Kva kan du undervise i?

Med val av spansk som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i spansk på både ungdomsskule og vidaregåande skule.

Emnetilbod:

SPLA100 (10 stp), SPLA110 (10 stp), SPLA107 (10 stp), SPLA108 (10 stp), SPLA109 (10 stp), FRAMDI100 (10 stp) og SPLA256 (10 stp)

Tysk

Kva lærer du? 

Tyskfaget handlar om tysk språk, kultur og litteratur. I språkdelen arbeider du praktisk med språkvitskap og grammatikk og får bruke språket aktivt. I litteraturdelen får du lese og diskutere tekstar frå 1750 fram til i dag, blant anna Goethe, Thomas Mann, Franz Kafka og Ingeborg Bachmann, i tillegg til nyare forfattarar.

  • Du lærer å kommunisere på eit framandspråk og å ta del i ein annan kultur.
  • Du blir trygg i dine språkferdigheiter, og i stand til smidig kommunikasjon som opnar dører og skapar moglegheiter.
  • Du lærer å orientere deg i eit vidt spekter av tekstar og å formidle innhaldet klart og effektivt.

Studie tek utgangspunkt i at du har forkunnskapar frå, til dømes, tyskundervisning på vidaregåande skule.

Kva kan du undervise i? 

Med val av tysk som fag 2 blir du kvalifisert til å undervise i tysk både på ungdomstrinnet og vidaregåande skule.

Emnetilbod:

TYS100(10 sp), TYS115(10 sp), TYS105(10 sp), TYS106(10 sp), TYS108(10 sp), FRAMDI100 (10 sp) og TYS255(10 sp).

Sist oppdatert: 05.12.2025