Latinamerikansk historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

SPLA109 gir eit oversyn over viktige hendingar og utvklingstrekk i latinamerikansk historie, med notida som utgangspunkt. Gjennom historisk tilnærming vil studentane få tematisk innsikt i aktuelle spørsmål i Latin-Amerika i det 21. århundret. Dei utvalde emna er relevante for den dagsaktuelle sitasjonen i Latin-Amerika med omsyn til politikk, økonomi og samfunnstilhøve, men heng samstundes nært saman med den historiske utviklinga gjennom fleire hundreår.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om nokre sentrale tema innan latinamerikansk politikk, økonomi og samfunn frå førkolonial tid og fram til i dag.
  • har forståing for kva historiske faktorar som dannar bakgrunnen for aktuelle problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kulturar.
  • har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av latinamerikansk historie og samfunn.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjera greie for sentrale trekk og samanhengar i latinamerikansk historie.
  • kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk.
  • kan uttrykka seg skriftleg og munnleg op spansk, både om historiske og kulturfaglege emne og meir ålment.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Sidan all undervisning går føre seg påspansk tilrår vi eit språknivå minimum B1 (jf. CEFR-skalaen) eller SPLA100.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for SPLA109 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA103, SLAN612 eller med SPLA629.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk.

Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet verta tilpassa studenttalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennom semesteret vil studentane gjennomføra fylgjande oppgåver:

  • Ein podcast, som kan lagast individuelt eller i samarbeid mellom to studentar.
  • Ei skriftleg oppgåve på 750-1000 ord. Oppgåva skal skrivast på spansk og skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid.

Kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Alle oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisnings-semesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein skriftleg skuleeksamen på spansk på fem timar. Både språk og innhald vert vurdert, og er grunnlag for fastsetjing av karakter i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for dei studentane som har oppfylt dei obligatoriske arbeidskrava.
Litteraturliste

Pensum tilsvarer om lag 375 sider og kan vera sett saman av fagtekstar og skjønnlitteræretekstar så vel som tekstar i utvida forstand, t.d. audiovisuelle kjelder. Pensumlitteraturen er i all hovudsak på spansk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for bruk i vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.