Latinamerikansk historie (nett)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

SPLA629 gir eit oversyn over viktige hendingar og utvklingstrekk i latinamerikansk historie, med notida som utgangspunkt. Gjennom historisk tilnærming vil studentane få tematisk innsikt i aktuelle spørsmål i Latin-Amerika i det 21 århundre. Dei utvalde emna er relevante for den daksaktuelle sitasjonen i Latin-Amerika med omsyn til politikk, økonomi og samfunnstilhøve, men heng samstundes nært ihop med den historiske utviklinga gjennom fleire århundre.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om nokre sentrale tema innan latinamerikansk politikk, økonomi og samfunn frå førkolonial tid og fram til i dag.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har forståing for kva historiske faktorar som dannar bakgrunnen for aktuelle problemstillingar i dagens latinamerikanske samfunn og kultur.
  • har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av latinamerikansk historie og samfunn.
  • kan samtala om tema knytte til latinamerikansk historie, og då særleg tema frå det 20. hundreåret.
  • kan gjera greie for sentrale trekk og samanhengar i latinamerikansk historie.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan demonstrera kunnskap og evne til fagleg drøfting i mindre skriftlige arbeid og munnlege presentasjonar på eit klart og korrekt spansk språk.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Nettbasert.

Dette emnet finst òg som vanleg campusstudium (SPLA109)

Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Sidan all undervisning går føre seg på spansk tilrår vi eit språknivå minimum B1 (jf. CEFR-skalaen) eller SPLA100.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for SPLA629 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA103, SLAN612 eller med SPLA109.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over ein 8-10 vekers-periode, med eitt eller to seminar for veka, ettersom ressursane tillet det. Det vert gjort bruk av studentaktive læringsmetodar med stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennom semesteret vil studentane gjennomføra fylgjande oppgåver:

  • Ein podcast, som kan lagast individuelt eller i samarbeid mellom to studentar.
  • Ei skriftleg oppgåve på 750-1000 ord. Oppgåva skal skrivast på spansk og skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid.

Kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Alle oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.»

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein skriftleg skuleeksamen på spansk på fem timar. Eksamensstad er Bergen. Både språk og innhald vert vurderte, og er grunnlag for fastsetjing av karakter i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for dei studentane som har oppfylt dei obligatoriske arbeidskrava.
Litteraturliste
Pensum (om lag 350 sider) kan inkludera oversynsverk, artiklar og kjeldetekstar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.