Bacheloroppgåve i tysk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir høve til å fordjupe seg i eit emne innanfor tysk fagdidaktikk, tysk lingvistikk, tyskspråkleg litteratur og/eller tyskspråkleg kultur/historie.

For lektorstudentar blir det tilrådd å kombinere fagdidaktikk og disiplinemne (lingvistikk, litteratur, kultur/historie).

Ein får jobbe sjølvstendig med å avgrense eit forskingstema, finne litteratur om temaet og skrive ei rettleidd empirisk bacheloroppgåve. Oppgåva skal altså vere basert på eit material som ein systematiserer og analyserer. Nærare retningsliner blir gitt av emneansvarleg.

Emnet skal òg gi dugleik og innsikt i andre delar av vitskapleg arbeid, t.d. bibliotekressursar, sitatteknikk og bruk av kjelder.

Pensum kan bygge på, men ikkje vere identisk med pensum på TYS205 eller TYS206.

Lektorstudentar med tysk som fag 2, kan følge undervisninga på TYS205 eller TYS206. «Pensumsamanfallet» mellom TYS255 og TYS205/TYS206 kan vere større for lektorstudentane enn for BA-studentane.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har god kunnskap om det temaet som er valt for oppgåva
  • viser god kunnskap om sentrale metodar og omgrep som blir brukte i disiplinen

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan sette seg inn i og arbeide sjølvstendig med eit tema
  • kan velje ein passande metode og bruke presise fagomgrep i arbeidet med oppgåva
  • kan utarbeide og presentere eit prosjekt på tysk (skriftleg og munnleg)

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med analyse av eit materiale og skriving av eit forskingsarbeid
  • kan uttrykke seg på tysk på høgt nivå både munnleg og skriftleg
  • kan finne fram til relevante kjelder og bibliografiar både på nettet og i oppslagsverk og bruke dei kritisk i eige arbeid

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen.

I hovudsak på campus, men delar av undervisninga kan vere digital etter behov.

Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men oppgåva skal skrivast på tysk om tysk materiale, noko som føreset gode tyskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Ein tilrår at studentane har teke TYS105/TYS625, TYS106/TYS626, TYS108/TYS628, TYS115/TYS635, TYS118/TYS638, SEK100/SEK600 eller har tilsvarande forkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
Studiepoenguttellinga blir redusert med 10 studiepoeng om emnet blir kombinert med TYS251, TYS251L eller TYS256.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet føreset at studenten jobbar sjølvstendig under rettleiing med eit tema i løpet av semesteret, og det er ingen tematisk undervisning på emnet.

I starten av semesteret (veke 3 og/eller 4) blir det gitt eit kurs i oppgåveskriving, i veke 8 skal ein levere inn ei oppgåveskisse der temaet for oppgåva framgår tydeleg.

Pensum kan bygge på, men ikkje vere identisk med pensum på TYS205 eller TYS206.

Om lag tre veker før innleveringsfristen (om lag i veke 17) blir det arrangert eit seminar der studentane presenterer oppgåvene for kvarandre.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske arbeidskrav.

  1. Deltaking på kurs i litteratursøk, kildevurdering og oppgåveskriving i veke 3 og/eller 4
  2. Innlevering av skisse i veke 8
  3. Framlegging av oppgåve på seminar i veke 17
  4. Inntil 4 timar rettleiing i løpet av semesteret
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform: Rettleidd bacheloroppgåve med munnleg eksamen.

Den rettleidde bacheloroppgåva skal skrivast på tysk og ha eit omfang på om lag 23000 teikn, ikkje medrekna mellomrom, innhaldsoversyn og litteraturliste.

Munnleg eksamen (ca. 20 minutt) blir arrangert etter skriftleg sensur og er ein samtale om den rettleidde oppgåva.

Ved utrekninga av den endelege karakteren tel den rettleidde semesteroppgåva 50% og den munnlege eksamenen 50%.

Det er ikkje mogleg å levere bacheloroppgåve i undervisningsfritt semester, men ein kan levere oppgåva neste undervisningssemester/vårsemester. Har oppgåva vore levert før, må ho omarbeidast utan vidare rettleiing.

Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Det finst ikkje ei eiga litteraturliste for emnet.

Studenten set saman litteraturlista i samråd med rettleiar, og ho er identisk med litteraturlista i bacheloroppgåva.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten påstudieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg går fram av informasjonen om emnet på Mitt UiB.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet ogstudieprogrammet.