Fordjuping i tyskspråkleg litteratur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gi fordjupa innsikt i delaspekt av tyskspråkleg litteratur og den relevante litteratur- og kulturhistoriske samanhengen i eit samfunns- og danningsperspektiv.

Det skal òg gi dugleik og innsikt i vitskapleg arbeid (t.d. bibliotekressursar, siteringsteknikk og bruk av kjelder).

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i dei utvalde pensumtekstane og den litteraturhistoriske konteksten dei står i
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale litteraturvitskaplege/analytiske omgrep

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan relatere dei utvalde pensumtekstane tematisk til den litteratur- og kulturhistoriske konteksten dei står i
  • kan bruka eit adekvat omgrepsapparat i sjølvstendige analyser av tekstane

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med litterære tekstar
  • kan kritisk vurdere og ta stilling til ulike teksttolkingar

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Ein tilrår at studentane har teke TYS105/TYS625, TYS106/TYS626, TYS107/TYS627, TYS115/625, TYS116/TYS626, SEK100/SEK600 eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS206 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS256 eller med TYS202 eller med TYS252.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar

  • 2 timar i veka
  • 9 veker

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast to øvingsoppgåver (kvar på om lag 750 ord) i tilknyting til undervisninga.

Studentane vel tema i samråd med faglærar.

Oppgåvene må vere godkjende av faglærar for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Eksamen er ein fire timars skuleeksamen.

Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum omfattar eit utval primærlitteratur knytt til eit emneområde som skal bestå av minst tre verk, eventuelt utdrag av verk. Eit utval med lyrikk kan erstatte eitt eller fleire verk.

I tilknyting til dette pensumet skal studentane òg lese ca. 100 sider sekundærlitteratur.

Litteraturlista er klar 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Einspråkleg tysk-tysk ordbok
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.