Eldre tyskspråkleg litteratur, nettbasert
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- TYS638
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om epokar og utviklingstrekk i den tyskspråklege litteraturhistoria frå ca. 1750 til 1945
- har grunnleggjande kunnskap om eit utval litteraturvitskaplege omgrep
Ferdigheiter:
Studenten
- er i stand til på tysk å diskutere litterære tekstar i grupper og på seminar
- kan skrive mindre litterære analyser på tysk
- kan halde munnlege presentasjonar av det aktuelle fagstoffet på tysk, enten på seminar eller i form av videoar eller podkastar
Generell kompetanse:
Studenten
- har fått erfaring med å kommunisere på tysk om komplekse tematikkar
- har fått erfaring med å ta i bruk eigna læringsstrategiar for å arbeide sjølvstendig med eit fagstoff
- har fått erfaring med å vere medprodusent av ny kunnskap i eit læringskollektiv
- har fått erfaring med analytisk og kritisk tenking samt problemløysing
- har fått erfaring med kreative arbeidsmåtar
- har fått erfaring med formidling skriftleg og munnleg
- har fått utvida digital formidlingskompetanse
- er godt førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Nettbasert.
Dette emnet finst òg som campusemne (TYS118) med eige opptak.
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av forelesingar og eventuelt førebuingspakkar (sjå nedanfor).
Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.
- To dobbeltimar forelesing
- 12 veker
eller:
- Ein dobbeltime forelesing
- Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
- 12 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I løpet av semesteret skal studentane halde ein kort munnleg presentasjon (10-15 minutt), anten fysisk eller som podcast/video.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen (ca. 1500-2000 ord) og ein munnleg eksamen (ca. 20 minutt).
Innhaldet på munnleg eksamen blir bestemt av emneansvarleg. Det kan vere ein kort presentasjon (maks 5 minutt) med ein annan tematikk enn heimeeksamen, spørsmål til presentasjonen, spørsmål til heimeeksamen og spørsmål til pensum elles.
Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret.
Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamenen 50% og munnleg eksamen 50%.
Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust
Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar
- eit utval litterære verk
- ei kort innføring i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret til 1945
Litteraturlista er klar 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.