Eldre tyskspråkleg litteratur
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- TYS118
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om epokar og utviklingstrekk i den tyskspråklege litteraturhistoria frå ca. 1750 til 1945
- har grunnleggjande kunnskap om eit utval litteraturvitskaplege omgrep
Ferdigheiter:
Studenten
- er i stand til på tysk å diskutere litterære tekstar i grupper og på seminar
- kan skrive mindre litterære analyser på tysk
- kan halde munnlege presentasjonar av det aktuelle fagstoffet på tysk, enten på seminar eller i form av videoar eller podkastar
Generell kompetanse:
Studenten
- har fått erfaring med å kommunisere på tysk om komplekse tematikkar
- har fått erfaring med å ta i bruk eigna læringsstrategiar for å arbeide sjølvstendig med eit fagstoff
- har fått erfaring med å vere medprodusent av ny kunnskap i eit læringskollektiv
- har fått erfaring med analytisk og kritisk tenking samt problemløysing
- har fått erfaring med kreative arbeidsmåtar
- har fått erfaring med formidling skriftleg og munnleg
- har fått utvida digital formidlingskompetanse
- er godt førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Bergen.
I hovudsak på campus, men delar av undervisninga kan vere digital etter behov.
Dette emnet finst òg som nettemne (TYS638) med eige opptak.
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av forelesingar og eventuelt førebuingspakkar (sjå nedanfor).
Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.
- To dobbeltimar forelesing
- 12 veker
eller:
- Ein dobbeltime forelesing
- Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
- 12 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I løpet av semesteret skal studentane halde ein kort munnleg presentasjon (10-15 minutt), anten fysisk eller som podcast/video.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen som skal skrivast på tysk (om lag 1500-2000 ord), og ein munnleg eksamen (ca. 20 minutt).
Den munnlege eksamenen skal vere ein presentasjon på om lag 10 minutt, og det blir òg stilt spørsmål om heimeeksamen og pensum elles.
Utforminga av eksamen byggjer på innhald, øvingar og aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.
Begge eksamensdelane må vere greidd i same semesteret.
Det blir gitt éin samla karakter. Ved fastsetjinga av denne karakteren tel heimeeksamenen 50% og munnleg eksamen 50%.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust
Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar
- eit utval litterære verk
- ei kort innføring i litteraturhistoria frå det 18. hundreåret til 1945
Litteraturlista er klar 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.