Internasjonal makroøkonomi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- ECON230
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- gjere greie for korleis ein stiller opp eit utanriksrekneskap, og bruke utanriksrekneskapen til å utvide nasjonalrekneskapsapparatet til opne økonomiar
- gjere greie for korleis valutakursar blir bestemt
- gjere greie for forholdet mellom valutakursendringar og relative prisar på ulike lands eksportvarer
- gjere greie for teorien om kjøpekraftsparitet
- beskrive og forklare den ulike fordelinga av inntekt mellom land
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- drøfte omgrepet realvalutakurs og kva som påverkar denne på lang sikt
- drøfte forholdet mellom realvalutakurs og internasjonale forskjellar i realrenter
- drøfte forholdet mellom makroøkonomisk politikk, driftsbalanse og valutakurs på kort og lang sikt
- drøfte korleis fastkursregimer verkar
- gje eit historisk oversyn over internasjonale pengesystem
- drøfte «Mundells trilemma»
- drøfte utfordringar knytt til finansiell globalisering, av dette årsaker til og konsekvensar av finanskrisa som starta i 2007
- drøfte teorien for optimale valutaområde og drøfte utfordringar i eurosamarbeidet i lys av denne teorien
- drøfte viktige økonomiske fellestrekk ved utviklingsland
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For studentar på desse programma:
- Bachelor i samfunnsøkonomi
- Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi
- Bachelorstudiet i informatikk, matematikk og økonomi (IMØ)
- Integrert master i informasjonsteknologi og økonomi (ITØK)
- Integrert master i finans, forsikring og data science
Andre studentar med bestått ECON130 og ECON140 (eller tilsvarande emne) kan søkje om å få ta kurset.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.