Videregående matematikk og optimering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset skal gje studentane eit godt matematisk grunnlag for videre samfunnsøkonomistudier. Emnet inneheld tema som differensiering av funksjonar av fleire variablar, optimering med og uten sidevilkår, omhylning, integralrekning, differensiallikningar, rekker og føljer, grenseverdiar, forventning og varians, samt rekning med vektorer og matriser.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for differensiering (også implisitt) av funksjonar av fleire variablar og optimering med og uten sidevilkår.
  • kan gjere greie for omhylning, integralrekning, differensiallikningar, rekker og føljer, grenseverdiar, forventning og varians.
  • kan gjere greie for tydinga til vektorar og matriser.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reikne på og differensiere funksjonar av ein eller fleire variablar (også implisitt), og optimere desse med og utan sidevilkår, og over tid.
  • kan løyse likningar i fleire ukjende og reikne med inverse funksjonar, integral, nåverdi, forventning, varians, rekker, grenseverdiar, vektorer og matriser.
  • kan formidle den økonomiske forståinga som kjem frå modellane, eksempla og resultata frå kurset og frå utreikningane studenten gjer.

Generell kompetanse

  • kan formulere økonomiske problem matematisk, løysa desse og tolka resultata.
  • kan nytte metodane i kurset til å forstå og tolke økonomiske artiklar og teori.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

2 timars skriftlig slutteksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Programansvarlig

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.