Materialkurs 2: Middelhavet, Nord-Europa og Norden frå ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr.

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.

Læringsmål

Emnet har tre geografiske og kronologiske tyngdepunkt: (1) gresk og romersk kulturer frå ca. 500 f. til oppløysinga av Romarriket ca. 550 e.Kr., (2) Nord-Europa og Norden frå førromersk jernalder til yngre jernalder, og byrjinga av den europeiske mellomalderen, ca. 500 f.Kr. til ca. 550 e.Kr (3) Norge og Norden i yngre jernalder (merovingertid og vikingtid) og nordisk mellomalder, frå ca. 550 e.Kr. til ca. 1500 e.Kr. Emnet gir studentane ei innføring i dei viktigaste arkeologiske funntypane frå desse tre kronologiske og geografiske tyngdepunkta. I tillegg til å identifisera og tolka funn, får studentane kunnskap om korleis arkeologiske funn skal handterast og analyserast.

Fagleg innhald

Emnet gir studentane ei innføring i dei viktigaste arkeologiske funntypane frå ca. 550 f.Kr. til ca. 1500 e.Kr. I tillegg til å identifisera og tolka funn, får studentane kunnskap om korleis arkeologiske funn skal handterast og analyserast.

Læringsutbytte

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har en grunnleggande oversikt over materiell kultur frå dei ulike periodane frå ca. 550 f.Kr. til ca. 1500 e.Kr.
  • veit korleis museumssamlingar skal handterast

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeida med arkeologiske funn og gjera observasjonar om dei,
  • kan vurdere materiell kultur frå ulik tid og ulike kulturar i samanheng
  • kan identifisera arkeologisk materiale frå ulike periodar frå ca. 550 f.Kr. til ca. 1500 e.Kr.
  • kan knyta arkeologiske funn til dei kulturelle og sosiale endringane i dei ulike periodane frå ca. 550 f.Kr. til ca. 1500 e.Kr.
  • kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og kan gjere sjølvstendige vurderingar

Generell kompetanse

Studenten

  • ha kunnskap og ferdigheiter som er relevante for å følgja yrkesetikken i arbeid med kulturarvsmateriale,
  • har kunnskap og ferdigheiter i å knyta fagrelevant materiale og informasjon til praksis

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Studiepoengutellinga vert redusert med 5 studiepoeng dersom emnet vert kombinert med ARK103, ARK104 eller ARK120
Krav til studierett
Emnet er begrenset til studentar med studierett på Bachelorporgram i arkeologi ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går føre seg i andre del av semesteret. Undervisninga omfattar ca. 8 timars arbeid med arkeologisk materiale i grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
100% deltaking på undervisninga er obligatorisk, men eit møte kan erstattast med ei ekstra oppgåve. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ein rapport på opptil 1500 ord. Rapporten kan skrivast individuelt eller saman med ein medstudent.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen greidd/ikkje greidd.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 400 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.